Må du sende byggesøknad?

Kva du kan bygge, endre eller rive på eigedomen din kjem an på kva reglar som gjeld for eigedomen. Husk at du har sjølv ansvaret for å sjekke at det du skal byggje ikkje kjem i strid med plan- og bygningslova, gjeldande planar og anna regelverk. Dette kan også ha betyding for om du må søkje eller ikkje. 

Skal du bygge, rive eller endre noko som er i strid med lover, reglar og gjeldande plan for din eigedom, må du søkje dispensasjon frå regelverket. Dette gjeld uavhengig av krava til byggesøknad som vist til under. Du kan ikkje søkje om dispensasjon frå saksbehandlingsreglar. 

Trykk her for å sjå planar som gjeld for eigedomen.

Trykk her for søknad om dispensasjon

Før du bygger, river eller endrar noko på eigedomen din, sjekk om:

  1. du må søkje
  2. du kan søkje sjølv
  3. du må ha hjelp av fagfolk

Trykk her for forklaring på definisjonar

Trykk på lenkene i lista under for å få hjelp til å vurdere korleis du skal gå fram. 

 


Sist oppdatert: 15.03.2021
Publisert: 20.10.2020