Bad eller kjøkken

Du treng ikkje å søkje dersom

  • du skal installere, rive, endre eller reparere våtrom, kjøkken og enkle installasjonar i eksisterande byggverk innanfor same brukseining eller branncelle.

Hugs at rommet må være godkjent for varig opphald. Dersom det ikkje er godkjent for varig opphald, må du søke om bruksendring.

Trykk her for å lese meir om bruksendring.

Du må søkje med hjelp frå fagfolk dersom

  • brannskillet blir brote eller når du gjer endringar i berande vegg eller konstruksjon (brannskillet blir som regel brote når du skiftar sluk eller soilrør).
  • du skal opprette nye bueiningar med bad eller kjøkken.

 


Sist oppdatert: 22.07.2022
Publisert: 20.10.2020