Endre bruken av ein bygning eller eit rom?

Endre bruken av ein bygning eller eit rom?

Skal du bruke bygget, delar av bygget eller eit eller fleire rom i bygget til noko anna enn det er godkjent til? Då må du søke om bruksendring.

Eksempel på tiltak som krev løyve til bruksendring:

  • Du ønskjer å bruke hytta di til heilårsbustad.
  • Du ønskjer å bruke loftet eller garasjen til soverom.
  • Du ønskjer å bruke eit næringsbygg til bustad.
  • Du vil bruke ein godkjent utleigedel/leilegheit (bueining) saman med resten av bustaden din.
  • Du vil bygge fleire bueiningar i bustaden din.

Ei bueining har:

  • alle hovudfunksjonar for bustad (opphaldsrom, soveplass, bad, kjøkken)
  • eigen inngang
  • er fysisk skilt frå resten av bustaden

Bueininga er fysisk skild når det ikkje er gjennomgang mellom den nye delen og resten av bustaden. Så lenge det er gjennomgang slik at du kan gå frå den nye bueininga gjennom inngangen til bustaden, er delane ikkje fysisk skilde.

Utleige av ein del av bustaden er i seg sjølv ikkje søknadspliktig, så lenge du leiger ut rom som er godkjent til bruk for varig opphald. 

Du kan sende byggesøknad på eiga hand dersom

 

  • du skal endre bruken frå tilleggsdel til hovuddel (til dømes frå bod til soverom). Dette gjeld berre innanfor ei brukseining.

Trykk her for informasjon om søknadsprosessen.

Du må søke med hjelp frå fagfolk dersom

 

  • du skal endre bruk av bygningen, til dømes frå fritidsbustad til bustad
  • du skal endre bruk frå næringsbygg til anna næringsføremål, til dømes frå industri til restaurant
  • du skal endre frå næringsbygg til bustad
  • du skal endre på berande veggar
  • du skal ha ei ny bueining/leilegheit i bustaden din
  • du skal slå saman to bueiningar i bustaden din

Dersom bustaden din er ført opp med to bueiningar, du ikkje nyttar ei sjølvstendig bueining til utleige eller har nytta den til dette i seinare tid, så må du likevel søke om samanføying av bueiningar for at du skal få endra status på bygningen din.

Skal du søkje om endring av bygning/bueining må du sende inn teikningar av gammal og ny planløysing av bygningen som søknaden gjeld. Vi gjer merksam på at dersom du på eit seinare tidspunkt vil endre tilbake til at bustaden din skal ha to bueiningar, så vil alle bygningstekniske krav etter byggteknisk forskrift gjelde.

Trykk her for informasjon om søknadsprosessen.

Kva gjer kommunen?

 

  • Me sjekkar kva bustaden er godkjent oppført som i våre arkiv.
  • Me sjekkar søknaden opp mot gjeldande planar for eigedommen.
  • Me sjekkar om søknaden krev endringar i forhold til veg, vatn og avløp for eigedomen.
  • På bakgrunn av dokumentasjonen du har sendt inn, vurderer me om det er nødvendig med søknad om bruksendring eller om me kan vedta endring av bustadtype.
  • Me sender vedtaket til avdeling for kart og oppmåling for registrering og endring i matrikkelen (eigedomsregisteret).

Sist oppdatert: 22.07.2022
Publisert: 05.10.2018