Garasje eller carport

Du treng ikkje sende byggesøknad dersom

  • Det er eksisterande hus eller næringsbygg på eigedomen.
  • Gjeldande plan (kommuneplan/reguleringsplan) for eigedomen opnar for bygging.
  • Du ikkje skal bruke bygningen til å bu/overnatte i.
  • Samla bruksareal (BRA) eller bebygd areal (BYA) er under 50 kvadratmeter.
  • Det er 1 meter eller meir til nabogrensa eller innanfor regulert byggegrense der reguleringsplan har bestemt plassering.
  • Bygningen blir oppført med tilstrekkeleg avstand frå offentleg veg:
    • Til kommunal veg skal avstanden vere minst 15 meter.
    • Til fylkesveg skal avstanden vere minst 50 meter.
    • Eventuelt anna byggegrense som er vist i reguleringsplan
  • Maks gesimshøgd er 3,0 meter og maks mønehøgd er 4,0 meter
  • Bygningen er frittliggande, i ein etasje og utan kjellar
  • Det er innanfor det som er lov å bygga på eigedommen din (utnyttingsgrad/total utnytting)
  • Bygningen ikkje vert plassert over vass- og avlaupsleidningar – avstand til offentleg leidningsnett må vere meir enn  4 meter.
  • Tiltaket ikkje vert ført opp i strandsona.
    • Det er eit generelt byggeforbod innanfor 100 meters beltet langs sjø. Denne grensa kan vere erstatta av byggegrense i gjeldande plan, som gjer at grensa kan vere større eller mindre enn 100 meter. Ta kontakt med oss om du er usikker.

Sjølv om du ikkje må søke, må du varsle oss når du er ferdig. Trykk her for informasjon om ferdigstilling av tiltak.

Du kan sende byggesøknad på eiga hand dersom

  • Det er eksisterande hus eller næringsbygg på eigedomen.
  • Gjeldande plan (kommuneplan/reguleringsplan) for eigedomen opnar for bygging.
  • Bygningen ikkje skal brukast til å bu/overnatte i.
  • Samla bruksareal (BRA) eller bebygd areal (BYA) er under 70 kvadratmeter.
  • Bygningen har ein etasje og kan vere underbygd med kjellar. Kjellar må ha himling mindre enn 1,5 meter over det planerte terrenget sitt gjennomsnittsnivå.
  • Bygningen kan ha loft dersom bruksarealet er mindre enn 1/3 av bruksarealet på etasjen under.
  • Bygningen er plassert minimum 4 meter frå nabogrensa. Kommunen kan godkjenne nærare plassering dersom du kan legge fram skriftleg samtykke frå nabo. 

Trykk her for informasjon om søknadsprosessen.

Du må sende byggesøknad med hjelp av fagfolk dersom

  • Det ikkje er bygd på eigedomen frå før.
  • Samla bruksareal (BRA) eller bygd areal (BYA) er over 70 kvadratmeter.
  • Du skal bruke bygningen til overnatting eller varig opphald.

Sist oppdatert: 10.02.2021
Publisert: 20.10.2020