Gjerde, levegg og støyskjerm

Gjerde (innhegning)

Kan vere opne, enkle og lette konstruksjonar, som flettverksgjerde og andre gjerde som ikkje er tette. 

Levegg

Er ein tett skjerm som skjermar for innsyn og støy, og gir ly for vinden. Leveggen kan stå fritt eller henge saman med bygningen.

Støyskjerm

Er ein tett skjerm som avgrensar for innsyn og støy, og gir ly for vinden. Støyskjermen er ofte noko lengre enn ein levegg, og har lyddempande material.

Gjeldande plan for eigedommen kan ha eigne reglar om oppsetting av gjerde, levegg eller støyskjerm. I tillegg kan veglova sine reglar gjelde for desse tiltaka, og kan krevje dispensasjon frå byggegrense mot offentleg veg.
Trykk her for å lese meir om søknad etter veglova.


Du treng ikkje søkje dersom:

  • Du skal setje opp gjerde mot nabo.
  • Du skal setje opp gjerde mot veg. Gjerde kan ikkje vere tett, og må ha ei maks høgd på 1,5 meter.
  • Du skal setje opp levegg på inntil 1,8 meters høgde og med ei lengd på inntil 10 meter. Leveggen kan plassert inntil 1 meter frå nabogrensa og skal ha tilstrekkeleg avstand frå offentleg regulert veg. Leveggen kan stå fritt eller henge saman med bygning.
  • Du skal setje opp levegg på inntil 1,8 meters høgde og med ei lengd på inntil 5 meter. Leveggen kan plasserast i nabogrensa og skal  ha tilstrekkeleg avstand frå offentleg regulert veg. Leveggen kan stå fritt eller henge saman med bygningen.
  • Tiltaket må ikkje hindre fri sikt mot veg.
  • Tiltaka over ikkje på noko punkt overstige høgdekrava over. 

Du kan søkje sjølv dersom:

  • Du skal setje opp tette gjerde og andre gjerde som ikkje kjem inn under unntaka over.
  • Du skal setje opp levegg som er høgare og/eller lengre med det som går fram over.
  • Du skal setje  opp levegg nærare nabogrensa enn det som går fram over.

Du må søke med hjelp frå fagfolk dersom:

  • Du skal setje opp eller rive ein støyskjerm.

Sist oppdatert: 10.02.2021
Publisert: 20.10.2020