Små endringar innandørs

Små endringar innandørs

Nokre endringar og reparasjonar innandørs må du søkje om. Installering, endring og reparasjon av enkle installasjonar treng du ikkje søkje om.

Du treng ikkje sende byggesøknad om å 

  • Setje opp, flytte eller rive ein ikkje-bærande vegg innanfor ei branncelle.
  • Skifte ut eller installere nytt utstyr på eksisterande våtrom.
  • Installere ny kjøkkenventilator som ikkje vert kopla til ventilasjonsanlegget.
  • Installere kjølerom.
  • Installere ny vask i eksisterande bustad som allereie har sanitæropplegg.
  • Installere sentralstøvsuger.
  • Installere varmepumpe. 

Dette gjeld berre for installering, endring og reparasjon av enkle installasjonar. Tiltaket må ikkje få verknad for berande konstruksjonar og ikkje bryte branncella.

Du kan sende byggesøknad på eiga hand dersom

  • Du skal gjere andre små endringar innandørs enn nemnt i lista over.

Du må sende byggesøknad med hjelp frå fagfolk dersom

  • Du skal gjere endringar i berande konstruksjonar og/eller bryte brannceller.

Sist oppdatert: 20.10.2020
Publisert: 05.10.2018