Støttemur

Støttemur er ein konstruksjon som blir sett opp i samband med sikring eller opparbeiding av terreng.

Du treng ikkje sende byggesøknad dersom

  • Du skal setje opp ein mindre støttemur med høgde på inntil 1 meter med ein avstand på minst 1 meter til nabogrensa
  • Du skal setje opp ein mindre støttemur med høgde inntil 1,5 meter med ein avstand på minst 4 meter til nabogrensa
  • Støttemuren ikkje hindrar fri sikt mot veg
  • Støttemuren ikkje kjem i konflikt med byggegrense i reguleringsplanen dersom eigedomen er regulert
  • Støttemuren ikkje kjem nærare offentlege leidningar enn 4 meter.
  • Støttemuren har tilstrekkelig avstand frå offentlig veg. Trykk her for å lese meir om byggjegrense frå offentlig veg.

Du kan søke på eiga hand dersom

Du skal føre opp ein mur som går ut over dei punkta som står over, og som etter vårt skjønn kjem inn under plan- og bygningslova § 20-4 e «andre mindre tiltak som etter kommunens skjønn kan forestås av tiltakshavar».

Be kommunen om ei vurdering dersom du er i tvil.

Du må sende byggesøknad med hjelp av fagfolk dersom

Støttemuren fører til endringar som er større enn dei som er nemnt i punkta over og er plassert nærare nabogrensa enn det som ligg innanfor unntaket for søknad.


Sist oppdatert: 15.03.2021
Publisert: 20.10.2020