Terrasse, veranda, balkong

Teikning som viser terrasse, balkong og altan

Du treng ikkje sende byggesøknad dersom

  • Terrassen/plattingen er lågare enn 0,5 meter over ferdig planert terreng. Slike terrassar og plattingar er ikkje omfatta av avstandskravet på 4 meter til nabogrensa.
  • Verandaen er inntil 15 kvadratmeter, utan rom for varig opphald og plassert minst 4 meter frå nabogrensa.
  • Bygningen blir oppført med tilstrekkeleg avstand frå offentleg veg:
    • Til kommunal veg skal avstanden vere minst 15 meter.
    • Til fylkesveg skal avstanden vere minst 50 meter.
    • Eventuelt anna byggegrense som er vist i reguleringsplan.
  • Gjeldande plan (kommuneplan/reguleringsplan) for eigedomen opnar for bygging.
  • Det er 4 meter eller meir til nabogrensa eller innanfor regulert byggegrense der reguleringsplan har bestemt plassering.
  • Tiltaket ikkje vert ført opp i strandsona.

Sjølv om du ikkje må søke, må du varsle oss når du er ferdig. Trykk her for informasjon om ferdigstilling.

Du kan sende byggesøknad på eiga hand dersom

  • Terrassen/plattingen er under 50 kvadratmeter
  • Verandaen er mellom 15-50 kvadratmeter og du skal føre han opp ved ein einebustad, tomannsbustad eller eit mindre rekkehus

Du må søke med hjelp frå fagfolk dersom

  • Terrassen/plattingen er over 50 kvadratmeter
  • Du skal byggje eller rive ein takterrasse
  • Du skal byggje eller rive ein balkong

 


Sist oppdatert: 20.10.2020
Publisert: 05.10.2018