Terrenginngrep og drenering

Terrengendringar kan vere fyllingar av masse, planering, graving, masseuttak, steinbrot eller sprenging av terrenget.

Har du mistanke om forureining i grunnen der du skal gjere inngrepet ditt, må du først undersøke grunnen. 

Du treng ikkje sende byggesøknad dersom

  • Tiltaket gjeld mindre fylling eller planering av terreng med ein avstand på minst 1 meter til nabogrensa.
  • Avvik frå opprinnleg terreng er
    • Maks 3,0 meter i spredtbygd strøk
    • Maks 1,5 meter i tettbygd strøk
    • Maks 0,5 meter i område med rekkje- eller kjedehus, tett eller annan tett busetnad
  • Tiltaket ikkje hindrar fri sikt mot veg
  • Tiltaket ikkje vert ført opp i strandsona.
    • Det er eit generelt byggeforbod innanfor 100 meters beltet langs sjø. Denne grensa kan vere erstatta av byggegrense i gjeldande plan, som gjer at grensa kan vere større eller mindre enn 100 meter. Ta kontakt med oss om du er usikker.

Kun mindre planering og fylling er omfatta av unntaket frå søknadsplikt.

Dersom tiltaket har eit omfang som ikkje kan vurderast som mindre vil det vera søknadspliktig. Til dømes vil planering av ein heil tomt vere søknadspliktig.
Be kommunen om ei vurdering dersom du er i tvil.

Du må sende byggesøknad med hjelp av fagfolk dersom

Inngrep og endringar i terrenget fører til større endringar en dei som er nemnt i punkta over.


Sist oppdatert: 22.07.2022
Publisert: 17.12.2019