Påbygg, tilbygg, kjellar og underbygg

Teikning som viser tilbygg, påbygg og kjellar

Du treng ikkje sende byggesøknad dersom

  • Gjeldande plan (kommuneplan/reguleringsplan) for eigedomen opnar for bygging.
  • Tilbygget er under 15 kvadratmeter.
  • Tilbygget er understøtta og ikkje høgare enn to etasjar.
  • Du ikkje skal bruke tilbygget til å bu/overnatte i. Det kan ikkje innehalde kjøkken, stue, soverom,våtrom, verkstad, kontor, atelier og det som elles inngår i bustaden sin hovuddel.
  • Det er 4 meter eller meir til nabogrensa eller innanfor regulert byggegrense der reguleringsplan har bestemt plassering.
  • Bygningen blir oppført med tilstrekkeleg avstand frå offentleg veg:
    • Til kommunal veg skal avstanden vere minst 7 meter til midt veg.
    • Til fylkesveg skal avstanden vere minst 50 meter.
    • Eventuelt anna byggegrense som er vist i reguleringsplan
  • Det er innanfor det som er lov å bygga på eigedommen din (utnyttingsgrad/total utnytting)
  • Tilbygget ikkje vert plassert over vass- og avlaupsleidningar – avstand til offentleg leidningsnett må vere meir enn  4 meter.
  • Tilbygget ikkje vert ført opp i strandsona.
    • Det er eit generelt byggeforbod innanfor 100 meters beltet langs sjø. Denne grensa kan vere erstatta av byggegrense i gjeldande plan, som gjer at grensa kan vere større eller mindre enn 100 meter. Ta kontakt med oss om du er usikker.

Sjølv om du ikkje må søke, må du varsle oss når du er ferdig. På den måten får kommunen viktig informasjon om plassering, og kan leggje alle nye bygg over 15 kvadratmeter inn i kartet. Skjema og krav til dokumentasjon finn du her. Bruk blankett 5188.

Du kan sende byggesøknad på eiga hand dersom

  • Gjeldande plan (kommuneplan/reguleringsplan) for eigedomen opnar for bygging.
  • Samla bruksareal (BRA) eller bebygd areal (BYA) er under 50 kvadratmeter.
  • Bygningen er plassert minimum 4 meter frå nabogrensa. Kommunen kan godkjenne nærare plassering dersom du kan legge fram skriftleg samtykke frå nabo.
  • Du skal bygge fritthengande eller utkraga balkong/veranda utan understøtte
  • Trykk her for å finne informasjon om søknadsprosessen.

Du må sende byggesøknad med hjelp av fagfolk dersom

  • Det ikkje er bygd på eigedomen frå før.
  • Du skal byggje eller rive eit påbygg.
  • Du skal byggje under ein eksisterande bygning.
  • Tilbygget er større enn 50 kvadratmeter.
  • Du skal etablere ny bueining i tilbygget.
  • Tilbygget skal innehalde våtrom, og det ikkje er våtrom i bygningen frå før av.

Sist oppdatert: 11.02.2021
Publisert: 05.10.2018