Varsle naboane dine

Når du har samla alle dokumenta du treng i byggjesøknaden din, må du varsle naboar. Du treng ikkje varsle naboar om du skal gjere mindre arbeid som ikkje får verknad for dei.

Kva skal nabovarselet innehalde?

  • Skjema for nabovarsel og kvitteringsliste finn du her.
  • Alternativt kan du varsle digitalt. Du finn informasjon om dette her.
  • Firma som søkjer på vegner av andre kan også nabovarsle og søkje digitalt. Les meir om dette her.

Du må også leggje ved:

  • Eit situasjonskart som viser tiltaket du vil byggje
  • Snitt- og fasadeteikningar
  • Grunngjevnad for eventuelle dispensasjonssøknadar

Nabo skal ha minst 14 dagar til å uttale seg om tiltaket. Naboane skal sende sine uttalar (merknadar) til deg. Du kan kommentere eller gjere endringar av søknaden på bakgrunn av uttalane.

Legg ved kopi, kvittering og merknadar til nabovarsel i byggesøknaden

  • Ein kopi av nabovarselet
  • Ei kvittering som viser at naboane har motteke varselet
  • Eventuelle merknadar frå naboane
  • Eventuell grunngjevnad for at naboane ikkje er varsla

Sist oppdatert: 11.02.2021
Publisert: 08.05.2020