HeimPolitikk og høyringarFormannskapet, utval, råd, nemnder m.m.

Formannskapet, utval, råd, nemnder m.m.

Formannskapet

Formannskapet har ni medlemmer og vert valt av kommunestyret. Alle medlemmer og varamedlemmer i formannskapet må vera faste medlemmer i kommunestyret. Møta i formannskapet vert leia av ordføraren. Oversikt over medlemmer og varamedlemmer finn du i kommunen sin møteplan.  

Formannskapet er oppretta med heimel i kommunelova § 5-6

Formannskapet har vanlegvis seks til ti møte i året. Dei fleste møta er ettermiddags-/kveldsmøte med møtestart kl. 15.00. Møta har dei siste åra vore på biblioteket på Bjørkheim. 

Formannskapsmøta vert overført direkte på internett. Det vert òg lagt ut opptak frå møta. Opptaka er tilgjengelege i eitt år frå møtedatoen. 

Møteplan for formannskapet. 

Formannskapet er òg valstyre i kommunen, med oppgåver og mynde etter reglane i vallova.  

Naturutvalet

Naturutvalet har ni medlemmer og vert valt av kommunestyret. Oversikt over medlemmer og varamedlemmer finn du i kommunen sin møteplan.

Naturutvalet er oppretta med heimel i kommunelova § 5-7

Naturutvalet har vanlegvis seks til åtte møte i året. Dei fleste møta er ettermiddags-/kveldsmøte med møtestart kl. 15.00. Møta har det siste året vore på biblioteket på Bjørkheim. 

Møteplan for naturutvalet. 

Kontrollutvalet

Kommunestyret vel representantar til kontrollutvalet. Utvalet har 5 medlemmar og minimum ein av desse må vera medlem av kommunestyret. Leiar i utvalet kan ikkje vera medlem av same parti eller høyre til same gruppe som ordførar. Medlemmane og varamedlemmane kan ikkje vere representerte i andre politiske utval. 

Utvalet er heimla i kommunelova kapittel 23 og forskrift om kontrollutvalg og revisjon kapittel 1. 

Oversikt over medlemmer, varamedlemmer og møte i kontrollutvalet finn du i kommunen sin møteplan.  

E-post til kontrollutvalet kan sendast til leiar, Arild Røen: arild.roen@dnb.no med kopi til Einar Ulla, sekretariat for Samnanger kontrollutval: einar.kare.ulla@vlfk.no.

Oppgåver:

Kontrollutvalet skal føre tilsyn med den kommunale forvaltninga på kommunestyret sine vegne. Kontrollutvalet har som hovudføremål å medverke til ei ålmenn tillit i befolkninga, i høve best mogleg løysing av kommunale oppgåver. Vidare at den kommunale oppgåveløysinga er i samsvar med gjeldande lover, forskrifter og politiske vedtak.  

Til hjelp i dette arbeidet får kontrollutvalet utført:

  • rekneskapsrevisjon
  • forvaltningsrevisjon av verksemda i kommunen og av verksemda i selskap kommunen har eigarinteresser i
  • eigarskapskontroll av selskap kommunen har eigarinteresser i
  • andre kontroll- og tilsynsoppgåver ved bestillingar til den valde revisor

Utvalet skal også sjå til at kommunen har ei forsvarleg revisjonsordning. Sekretariatsfunksjon for kontrollutvalet, kan ikkje leggast til kommuneadministrasjonen, eller til revisjonen.

Kontrollutvalet rapporterer resultatet av sitt arbeid til kommunestyret. 

Årsmeldingar for kontrollutvalet finn du her.

Reglement for kontrollutvalet i Samnanger kommune:

Den valde revisor: 

Samnanger kommune har inngått avtale med BDO AS om kjøp av revisjonstenester. Revisjonstenestene omfattar rekneskapsrevisjon, forvaltningsrevisjon, eigarskapskontroll i selskap som kommunen har eigarinteresser i, og andre kontroll- og tilsynsoppgåver i regi av kontrollutvalet. 

Sekretariat for kontrollutvalet: 

Samnanger kommune kjøper sekretariatstenester for kontrollutvalet hjå Sekretariat for kontrollutvalet i Vestland fylkeskommune

Sekretariatstenestene omfattar mellom anna saksførebuing for kontrollutvalet, møteinnkalling og saksoppfølging etter møter. Døme; føring av møteprotokoll og iverksetjing av vedtak. Sekretariatsfunksjonen for kontrollutvalet er direkte underlagt kontrollutvalet. Dei pliktar å følgja utvalet sine retningslinjer og pålegg.  

Viktige lenker:

Eldrerådet

Eldrerådet har fem medlemmer og vert valt av kommunestyret. Oversikt over medlemmer og varamedlemmer finn du i kommunen sin møteplan. 

Eldrerådet er oppretta med heimel i kommunelova §  5-12

Eldrerådet har vanlegvis om lag fire møte i året. Møta har dei siste åra vore på biblioteket på Bjørkheim. 

Rådet for personar med nedsett funksjonsevne

Rådet for personar med nedsett funksjonsevne har tre medlemmer og vert valt av kommunestyret. Oversikt over medlemmer og varamedlemmer finn du i kommunen sin møteplan. 

Rådet er oppretta med heimel i kommunelova § 5-12

Rådet har vanlegvis om lag tre møte i året.  

Ungdomsrådet

Ungdomsrådet har seks medlemmer, frå aldersgruppa ungdomsskule/vidaregåande skule. Ungdomsrådet skal fremma barn og unge sine interesser og tala deira sak i Samnanger kommune.  

Ungdomsrådet er oppretta med heimel i kommunelova § 5-12

Ungdomsrådet har vanlegvis seks møte i året. Møta har dei siste åra vore på biblioteket på Bjørkheim. 

Medlemmer og varamedlemmer i ungdomsrådet:

Namn Funksjon/rolle
Ida Haugen Skulstad Leiar
Knut Erik Frøland Nestleiar
Mia Holdhus Medlem
Endre Haugen Holmefjord Medlem
Maren Sævild Medlem
Nora Haugen Skulstad Medlem
Olav Lien Varamedlem
Oda Reistad Varamedlem
Daniel Borge Kristensen Sekretær

 

Vedtekter for ungdomsrådet

 Administrasjonsutvalet

Administrasjonsutvalet er eit partssamansett utval med åtte medlemmer: fem arbeidsgjevarrepresentantar (politikarar) og tre arbeidstakarrepresentantar. Oversikt over medlemmer og varamedlemmer finn du i kommunen sin møteplan. 

Administrasjonsutvalet er oppretta med heimel i kommunelova § 5-11 og reglar i den kommunale hovudavtalen. 

Administrasjonsutvalet har vanlegvis tre til fire møte i året. Møta vert haldne på kommunehuset på Tysse. 

Diverse utval, råd, nemder, legat og styre

Oversikt over diverse utval, råd, nemnder, legat og styre. Dette er enten kommunale organ, eller organ som Samnanger kommune har medlemmer/representantar i. 

Diverse utval, råd, nemnder, legat og styre 

  


Sist oppdatert: 08.05.2021
Publisert: 29.12.2020