HeimPolitikk og høyringarHøyringar og kunngjeringarOmrådeplan for Bjørkheimsområdet: Oppstart av revisjon av planen.

Områdeplan for Bjørkheimsområdet: Oppstart av revisjon av planen.

Me varslar med dette om at Områdereguleringsplan for Bjørkheimsområdet skal reviderast. Frist for å koma med innspel er 31. mars.
Publisert: 04.03.2021
Sist endra: 04.03.2021

Det vert med heimel i plan- og bygningslova § 12-8 varsla oppstart av arbeid med revisjon av områdereguleringsplan for Bjørkheimsområdet. Innspel til planarbeidet kan sendast innan 31. mars til postmottak@samnanger.kommune.no eller Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 TYSSE.

Planområdet er synt med raudt omriss i oversiktskartet nedanfor, og ein større versjon ligg som vedlegg. For kart og plandokument i gjeldande plan syner me til:

 Oversiktskart med planomriss

 

 

Tema for planarbeidet

Tema for planarbeidet er synt i punktlista under. Andre innspel vert også mottekne, men innspel innanfor dei nemnde tema vil verta prioritert med mest arbeidsressursar.

  • Trafikksikring og trafikkflyt ved busstopp, overgangsfelt og innkøyring til sentrumsområdet. Det er eit mål å finna andre løysingar enn dagens krav om undergang, som er for kostandskrevjande til at den let seg realisera.
  • Areal til innfartsparkering og annan offentleg parkering. Korleis er parkeringssituasjonen for eksisterande verksemder og funksjonar? Den offentlege parkeringsplassen o_PP1 er ikkje etablert. Her kan det vera mogleg å tilpassa eit parkeringshus inn i skråninga mot fylkesvegen. Vil det vera eit godt grep for Bjørkheim?
  • I Samnanger kommune er det behov for eit område for plasskrevjande forretning/næring, og dette bør lokaliserast nært fv 49 (tidlegare fv 7). Det vil bli vurdert og utgreidd eit areal ved avkøyringa til Bjelkarvika, på landbruksareal v/Lauvskarmyra. Sjå også vedlagt brev frå Bjørnafjorden landbrukskontor.
  • Avkøyrsla til bustadområdet i Bjelkarvika må utbetrast for å leggja til rette for vidare bustadbygging i tråd med kommuneplanens arealdel, samt eventuell plasskrevjande forretning/næring. (Sjølve bustadområdet må realiserast med eigen, privat reguleringsplan).
  • Gang- og sykkelveg frå Bjelkavik til Haukaneset. Denne er avklart i kommuneplanens arealdel, men nøyaktig trasé må regulerast.
  • Det er behov for justeringar innanfor sentrumsareala, for tilpassingar til utbygd situasjon, og for å løysa problemstillingar som ein ikkje fekk løyst i førre planrunde. Det skal gjennomførast eit moglegheitsstudium for å få maksimalt ut av Bjørkheim sitt potensiale. Sjå vedlagt vedtak om moglegheitsstudium.
  • Hovudgrep for gåande og syklande. Det må vera enkelt å gå, sykla og ta kollektivtransport til Bjørkheim, og det må vera trygt og oversiktleg å ferdast inne i sentrum. Moglegheitsstudiet skal kasta lys over desse samanhengane, og koma med framlegg til å sikra eit avklart, ryddig og estetisk sentrum.
  • Kommunen si tomt F/K/T1 (forretning, kontor, tenesteyting), SH1 (gjestehamn) og P1 (park): Kva er moglegheitene for kommunen si tomt nede ved Grunnavågen, og korleis kan den vera med å bidra til attraktiviteten til Bjørkheim? Utvikling av kommunen si tomt F/K/T1 må plasserast inn i ein samanheng med torg, park, småbåthamn og eksisterande strandline/naturkvalitetar. Størstedelen av arealet som er regulert til park P1 og gangareal (G1) er ei grusa flate– korleis kan me tilretteleggja dette som eit attraktivt opphaldsareal ved fjorden?
  • Bubilparkering og tøming av toalett. Det grusa arealet nemnd i førre punkt har etablert seg som parkeringsplass for mellom anna campingturistar. I gjeldande reguleringsplan er dette arealet avsett til park og gang- og opphaldsareal, og vegen ned dit er regulert til gangveg. Parkering av campingbil/-vogn er i strid med planføremålet. Planarbeidet må avklara moglegheitene for alternativ plassering av bubilparkering i Bjørkheimsområdet. Det må også avklarast om tømeanlegg for bubiltoalett kan lokaliserast i Bjørkheimsområdet.
  • Bjørkheim treng eit offentleg toalett og me må finna den beste plasseringa, der ein balanserer tilgjengelegheit, synlegheit, estetikk, nærleik til offentleg VA-nett m.m.

 

Andre dokument i saka:

Oppstartsvedtak reguleringsendring

Oversiktskart med planomriss

Moglegheitsstudium - Vedtak om innhald og føremål

Bjørnafjorden landbrukskontor - Førebels vurdering av jordbruksareal

Bjørnafjorden landbrukskontor - Kartvedlegg markslag