Innsyn i saker

Her kan du få innsyn i saker og aktivitet i kommunen:


Meir informasjon om postsystemet

Om å senda post til Samnanger kommune

Samnanger kommune har eit mål om at me skal vera "gjennomsiktige", slik at alle kan sjå kva som skjer i kommunen. Samstundes handsamar kommunen mykje informasjon som er underlagt teieplikt.  

Alle arkivverdige dokument vil bli vurderte med tanke på offentleggjering. Dette gjeld både brev og e-post til og frå kommunen, samt ei rekkje "interne dokument". Samnanger kommune behandlar e-post og brevpost på same måte når det gjeld sakshandsaming

For nærare informasjon om reglane som gjeld for offentleggjering og teieplikt, sjå "Rettleiar til offentleglova". 

Her finn du lenker til offentleglova og forvaltningslova og arkivlova som regulerer journalføringsplikt.

Nærare om e-post til kommunen:

  • E-post til kommunen bør innehalda fullt namn, men ikkje andre personopplysningar som til dømes fødselsnummer eller personnummer.
  • NB: Send aldri sensitiv informasjon per e-post, til dømes opplysningar om helsetilhøve eller diagnosar. 
  • Me har fleire elektroniske skjema på heimesida. Det er trygt å senda opplysningar til kommunen på denne måten. Der det ikkje finst eit elektronisk skjema, må du skrive ut skjemaet på papir, signera det og senda det til kommunen.  
Innsynsrett i offentlege dokument og journalar

Du har rett til å krevja innsyn i offentlege dokument. Alle saksdokument i kommunen er offentlege, dersom det ikkje er gjort unnatak som er heimla i lov. Kommunen skal likevel vurdera om dokument som ikkje er offentlege, heilt eller delvis kan gjerast kjende (meirinnsyn). 

Kva inneheld den offentlege postjournalen? 

Ein offentleg postjournal er ei liste over inngåande og utgåande post. Her finn du oversikt over saksmapper og dokument, samt namnet på avsendar eller mottakar av dokumentet. Når du har funne fram til eit dokument du som du ønskjer å sjå, kan du krevja innsyn skriftleg eller munnleg.

Sakshandsamingstid for innsyn

Krav om innsyn skal avgjerast så raskt som mogleg. Det vil normalt gå ein til tre arbeidsdagar. Dersom du ikkje har fått svar innan fem dagar, er det å sjå på som avslag, og du kan då retta ein skriftleg klage til kommunen.

Trykk her for å klage på avslag på søknad

Høve til å klaga

Dersom kravet ditt om innsyn blir avslått, skal kommunen visa til den paragrafen som er grunnlaget for avslaget. Kommunen skal også opplysa om høve til å klaga og klagefristen. Alle avslag skal innehalda ei grunngjeving.

Dersom kravet ditt om innsyn blir avslått, kan du retta ein skriftleg klage til kommunen. Klagen må sendast enten i brev til Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse eller på e-post til kommunen sitt postmottak (sjå e-postadresse nedanfor).  

Dersom kommunen held fast på vedtaket om å avslå innsynskravet ditt, må kommunen senda klagen din til Statsforvaltaren (tidlegare Fylkesmannen) for endeleg avgjerd.

Tenk på følgjande før du sender brev eller e-post til oss:

Hugs at all post du sender til kommunen, kan bli lagt ut på offentleg postjournal - om han ikkje er underlagt teieplikt. Det betyr at du kan finna att brevet eller e-posten din i postjournalen, og risikera at innhaldet vert omtalt i media.

Innsyn

Samnanger kommune har pr. i dag ikkje fulltekstpublisering av dokument i den offentlege postjournalen. Det vil seia at me berre publiserer sjølve postjournalen, med moglegheit for bestilling av innsyn i dokument i postjournalen. 

Trykk her for postliste og innsyn

Kontaktinformasjon

Servicesenteret, telefon: 56587400
E-post: postmottak@samnanger.kommune.no


Sist oppdatert: 07.01.2021
Publisert: 20.10.2020