Kommunestyret

I valperioden 2023 - 2027 er Karl Bård Kollbotn (Framstegspartiet) ordførar, og Arild Røen (Høgre) varaordførar. 


Medlemmer og varamedlemmer

Medlemmer og varamedlemmer i kommunestyret vert valt av innbyggjarane kvart fjerde år. 

Namn og kontaktinformasjon til medlemmer og varamedlemmer er oppført saman med sakspapira, under møteplanen.

Fullstendig oversikt over medlemmer og varamedlemmer i kommunestyret i valperioden 2023–2027 kan lastast ned som pdf-fil.   

Oppgåver

Kommunestyret sine oppgåver er mellom anna regulert av kommunelova. Kommunestyret vel formannskap, ordførar og varaordførar blant medlemmene i kommunestyret. Kommunestyret kan oppretta og leggja ned utval og fastset sjølv arbeids- og ansvarsområde for desse. Alle saker som er av prinsipell art skal avgjerast av kommunestyret sjølv. Dette gjeld mellom anna årsbudsjett, økonomiplan og overordna kommunale planar. 

Kommunestyremøte

Kommunestyret har vanlegvis seks til ti møte i året. Møta er opne for publikum, med unnatak av saker som skal handsamast for lukka dører (sjå reglar i kommunelova). Kommunestyret har både heildagsmøte (vanlegvis med start kl. 08.30) og ettermiddags-/kveldsmøte (vanlegvis med start kl. 15.00). Møta blir vanlegvis haldne på kommunehuset på Tysse. 

Kommunestyremøta vert overførte direkte på internett. Det vert òg lagt ut opptak frå møta. Opptaka er tilgjengelege i eitt år frå møtedatoen. 

Innkalling/sakspapir til kommunestyret vert sendt ut om lag ei veke før møtedatoen. Tidspunkt, stad, innkalling og protokollar frå politiske møte er tilgjengeleg for alle. Dette finn du ved å gå inn på  møteplanen nedanfor. 

Møteplan, møteinnkallingar og møteprotokollar


Reglement

Sist oppdatert: 29.01.2024
Publisert: 14.09.2020