HeimPolitikk og høyringarSlik kan du påverka politisk

Slik kan du påverka politisk

Innbyggjarforslag

Ordninga med innbyggjarforslag gir innbyggjarane i Samnanger høve til å få kommunestyret til å ta stilling til politiske saker som dei er opptekne av. Reglar om innbyggjarforslag står i kommunelova § 12-1

Innbyggjarforslag som oppfyller krava i kommunelova, må kommunestyret ta stilling til seinast seks månader etter at det er fremja. 

I løpet av ein valperiode kan ikkje det same innbyggjarforslaget handsamast meir enn ein gong. 

Slik sender du inn eit innbyggjarforslag:

Skriv tydeleg kva forslaget handlar om. Forslaget må vera underskrive av minst to prosent av alle innbyggjarane i kommunen. Underskriftene må innehalda fullt namn og adresse. Adressene må stadfesta at elle som har underskrive bur i kommunen. Dersom adressene manglar kan forslaget avvisast.  

Misak.no
Me tilrår at du brukar nettsida Misak.no for å senda inn elektronisk innbyggjarforslag. Der kan du òg samla inn underskrifter. 

Sida er driven av Kommunal- og moderniseringsdepartementet. 

Kontakt folkevalde

Dersom du, eller ei gruppe/foreining/tilsvarande du representerer, har synspunkt om ei sak som skal handsamast politisk, kan du ta kontakt med folkevalde i kommunen. 

Kontaktinformasjon (e-postadresse og telefonnummer) til folkevalde i kommunen: 

Ope politisk forum for Samningar

I Facebook-gruppa Ope politisk forum for Samningar kan innbyggjarane i kommunen diskutera synspunkt og saker med både politikarar og elles engsjerte sambygdingar. 

NB! Dette er ikkje ei kommunal Facebook-side, men ei privat driven side/gruppe. 


Sist oppdatert: 03.01.2023
Publisert: 05.01.2021