Val 2023

Logo val 2021

I 2023 har det vore kommunestyre- og fylkestingsval i Noreg. Valdagen var måndag 11. september 2023.

Kommunane hadde høve til å vedta at det også skulle haldast val søndag 10. september 2023. I Samnanger vedtok kommunestyret vedteke at det berre skulle haldast val måndag 11. september. 

Informasjon om valet i Samnanger er lagt ut her på denne sida.

Valresultat for Samnanger

Valresultat på www.valgresultat.no
Valresultat for Samnanger blir lagt ut på www.valgresultat.no. Me gjer merksam på at det 11.–13.09.2023 var problem med oppdateringa av valresultata frå nokre kommunar der, mellom anna Samnanger. 


Valprotokoll for valstyret

Valprotokollen for valstyret ved kommunestyrevalet 2023 i Samnanger kan lastast ned her. Valprotkollen inneheld detaljert informasjon om kommunestyrevalet, inkludert valresultatet. 


Valde medlemmer i kommunestyret 2023–2027

Følgjande kandidatar vart valde inn i Samnanger kommunestyre ved kommunestyrevalet 11.09.2023: 

Medlemmer i kommunestyret  
Namn: Parti/liste:
Shirin Kvernes Khadoor Arbeidarpartiet
Torbjørn Storås Arbeidarpartiet
Gunn Østvik Petersen Arbeidarpartiet
Lise Marie Johannessen Sandvik Arbeidarpartiet
Knut Harald Frøland Bygdalista
Ragnfrid Aadland Olsnes Bygdalista
Kenneth Holdhus Bygdalista
Karl Bård Kollbotn Framstegspartiet
Linda Haug Kollbotn Framstegspartiet
Håvard Tvedterås Framstegspartiet
Odd Arne Haga Framstegspartiet
Audun Johannes Yndestad Framstegspartiet
Malin Foss-Reistad Høgre
Arild Røen Høgre
Thomas Hellevang Industri- og Næringspartiet
Jarle Tverli Industri- og Næringspartiet
Monica Tjønna Industri- og Næringspartiet
Gunn Totland Moss Kristeleg Folkeparti
Øyvind Strømmen Miljøpartiet Dei Grøne
Camilla Stavnes Hisdal Miljøpartiet Dei Grøne
Øyvind Røen Senterpartiet

 

Oversikt over valde medlemmer og varamedlemmer Samnanger kommunestyre 2023–2027, fordelt på parti/liste

Arbeidarpartiet  
Faste medlemmer: Varamedlemmer i rekkefølgje:
Shirin Kvernes Khadoor 1. Sigurd Andreas Hadeland Thieme
Torbjørn Storås 2. Alfred Trengereid
Gunn Østvik Petersen 3. Ingvild Raftevoll Bogevik
Lise Marie Johannessen Sandvik 4. Oddrun Lemme Sandvin
  5. Roger Gjerde Urås
  6. Øyvind Sandvik
  7. Liv Berit Kvernes Befring

 

Bygdalista  
Faste medlemmer: Varamedlemmer i rekkefølgje:
Knut Harald Frøland 1. Anja Elisabeth Gjerde Markhus
Ragnfrid Aadland Olsnes 2. Øyvind Steinsland
Kenneth Holdhus 3. Ove Totland
  4. Lena Tveit
  5. Helene Mjelde Foss
  6. Malin Gjerde

 

Framstegspartiet  
Faste medlemmer: Varamedlemmer i rekkefølgje:
Karl Bård Kollbotn 1. Gunnar Johannes Bruvik
Linda Haug Kollbotn 2. Morten Røen
Håvard Tvedterås 3. Kurt Hauge
Odd Arne Haga 4. Rikke Beckstrøm
Audun Johannes Yndestad 5. Dag Nydal
  6. Bjørn Olaf Nøkling
  7. Joakim Totland
  8. Endre Kristian Skåla

 

Høgre  
Faste medlemmer: Varamedlemmer i rekkefølgje:
Malin Foss-Reistad 1. Torgeir Borge Tysseland
Arild Røen 2. Thorvald Moe
  3. Kjell Roar Nordvik
  4. Eva Hellevang
  5. Stein Odvar Kleppe

 

Industri- og Næringspartiet  
Faste medlemmer: Varamedlemmer i rekkefølgje:
Thomas Hellevang 1. Vidar Tveiterås
Jarle Tverli 2. Jan Ove Haga
Monica Tjønna 3. Tyra Erna Pedersen
  4. Helge Magnus Erdal
  5. Reidun Tunes
  6. Rune Pedersen

 

Kristeleg Folkeparti  
Faste medlemmer: Varamedlemmer i rekkefølgje:
Gunn Totland Moss 1. Terje Hoseth Næss
  2. Mirjam Dyrhovden Fjell
  3. Tor Jellestad
  4. Debrom Tesfamichael Teklom

 

Miljøpartiet Dei Grøne  
Faste medlemmer: Varamedlemmer i rekkefølgje:
Øyvind Strømmen 1. Oskar Røen
Camilla Stavnes Hisdal 2. Solveig Lara Gautadottir
  3. Magni Petersen
  4. Marijke Strømmen
  5. Beate Helle

 

Senterpartiet  
Faste medlemmer: Varamedlemmer i rekkefølgje:
Øyvind Røen 1. Magnus Erdal
  2. Inger Gro Lien
  3. Ingrid Haukanes Røen
  4. Vidar Trengereid

 

Godkjente vallister - kommunestyrevalet 2023

Her finn du liste over alle partia sine godkjente vallister til kommunevalet 2023

Listeforslag til kommunestyrevalet 2023

Parti og grupper som ønskjer å stilla til val ved kommunstyrevalet 2023, måtte levera listeforslag til valstyret i kommunen innan 31. mars 2023 klokka 12.00.

Listeforslag kan opprettast og leverast enten på papir eller elektronisk. 

Detaljert informasjon om reglar for listeforslag er lagt ut på www.valg.no.  

Oversikt over innleverte listeforslag: 

Informasjon frå Valdirektoratet (www.valg.no) 

Trykk her for å lesa diverse informasjon om valet på www.valg.no

Er du manntalsført og har du røysterett i Samnanger kommune?

Reglar om røysterett ved kommunestyre- og fylkestingsval står i § 2-2 i kommunelova. 

Dersom du er norsk statsborgar, er eller har vore registrert som folkeregistrert busett i Norge og er fødd før 31.12.2005, så har du røysterett til kommunestyre- og fylkestingsvalet.

I tillegg har personar som ikkje er norske statsborgarar, men som elles fyller vilkåra i § 2-1 i kommunelova, røysterett dersom dei 

a) har stått innført i folkeregisteret som busett i Noreg dei tre siste åra før valdagen, eller
b) er statsborgar i eit anna nordisk land og er blitt folkeregistrert som busett i Noreg seinast 30. juni i valåret

Alle med røysterett skal vera ført inn i manntalet, men det finst to unntak. Dette gjeld personar med hemmeleg adresse og dei som har vore utanlandsbuande i meir enn 10 år.

Alle personar med røysterett blir automatisk førte i manntalet i den kommunen der dei var registrert som busette per 30.06.2023. Dersom du har flytta til ein annan kommune etter 1. juli, er du framleis registrert i manntalet og har røysterett i den kommunen du flytta frå. Då kan du berre førehandsrøyste i den kommunen du har flytta til.

Manntalet for Samnanger vert lagt ut i byrjinga av juli, på følgjande stader:

  • Ekspedisjonen i kommunehuset på Tysse
  • Biblioteket på Bjørkheim
  • Kiwi-butikken på Bjørkheim
  • Spar-butikken på Bjørkheim
  • Tysse Landhandel

Manntalet vert liggjande ute fram til valdagen. Du kan kontrollera at du står oppført i manntalet, enten ved å sjekka i manntalet sjølv eller ved å ringja til Servicesenteret på kommunehuset på telefon 56 58 74 00.

Dersom du ikkje står i manntalet, eller om det er andre feil, kan du klaga skriftleg til Samnanger valstyre, Tyssevegen 217, 5650 Tysse. E-post: post@samnanger.kommune.no

Tidlegrøysting frå 1. juli til 9. august

Er du forhindra frå å røysta på valdagen 11. september eller frå å førehandsrøysta i perioden 10. august–8. september, kan me tilretteleggja slik at du kan røysta frå 1. juli til 9. august på servicesenteret på kommunehuset på Tysse. Dette tilbodet gjeld i opningstida på vekedagar, kl. 09:00–15:00. 

Personar som ønskjer å tidlegrøysta, må kontakta kommunen på telefon 56 58 74 00 eller e-post post@samnanger.kommune.no for å avtala tid. 

Ordinær førehandsrøysting frå 10. august til 8. september

Du kan førehandsrøysta frå og med torsdag 10. august til og med fredag 8. september, ved vallokale i alle kommunar i landet. 

I Samnanger er det tilbod om førehandsrøysting på servicesenteret på kommunehuset på Tysse kvar vekedag (kvardag) frå 10. august til 8. september, mellom klokka 09:00 og 15:00.

I tillegg er det tilbod om førehandsrøysting på biblioteket på Bjørkheim følgjande dagar: 

Dag og dato Stad Tidspunkt
Laurdag 26. august Biblioteket på Bjørkheim 10:00–14:00
Torsdag 31. august Biblioteket på Bjørkheim 15:00–19:00
Laurdag 2. september Biblioteket på Bjørkheim 10:00–14:00
Torsdag 7. september Biblioteket på Bjørkheim 15:00–19:00

Det vert også høve til å førehandsrøysta på Samnangerheimen for bebuarar og andre brukarar av pleie- og omsorgstenestene. Dato og tidspunkt for dette tilbodet vert kunngjort seinare. 

Heimerøysting (ambulerande røysting)

Veljarar som er uføre eller på grunn av sjukdom ikkje kan røysta ved den ordinære førehandsrøystinga eller på valdagen 11. september, kan søkja kommunen om å få røysta heime. 

Du kan søkja skriftleg til Samnanger kommune v/valstyret, Tyssevegen 217, 5650 Tysse. Du kan også søkja munnleg ved å ringja kommunen på telefonnummer 56 58 74 00. Søknaden må vera kommunen i hende seinast 6. september 2023. 

Røysting på valdagen 11. september

På valdagen 11. september må du røysta i heimkommunen din (den kommunen du var registrert i folkeregisteret som busett 30. juni 2023). 

Vallokala i Samnanger på valdagen 11. september:

Krins Røystelokale Opningstid
Nordbygda Biblioteket på Bjørkheim 10:00–20:00
Gjerde Storstova på Samnangerheimen 10:00–20:00
Tysse Samnanger ungdomsskule 10:00–20:00
Valkort

Det vert no i sommar sendt ut valkort til alle som står i manntalet. 

I år vert valkortet sendt til din digitale postkasse eller til Altinn. Dersom du har reservert deg mot, eller ikkje nyttar digital informasjon frå det offentlege, får du valkortet ditt tilsendt på papir.

Derssom du ikkje har motteke valkort innan 10. august, bør du ta kontakt med kommunen. 

Kva må eg ha med til røystelokalet?

Vallova seier at ein veljar som er ukjend for røystemottakar, skal legitimera seg. Ta derfor med legitimasjon når du skal røysta, både ved førehands- og valdagsrøysting. Legitimasjon kan til dømes vera pass, førarkort eller bankkort med bilete.

Ta med valkortet i tillegg. Dette lettar arbeidet for valfunksjonærane, og det går raskare for deg å røysta. Har du gløymt valkortet, får du likevel røysta.

Dersom du oppheld deg på ein institusjon som sjukeheim, sjukehus eller fengsel, kan du få ein tilsett ved institusjonen til å stadfesta identiteten din.

Valstyret

Valstyret i Samnanger har hovudansvaret for gjennomføringa av valet i kommunen. 

Trykk her for oversikt over kven som sit i valstyret.

I lenka ovanfor finn du òg møteinnkallingar og møteprotokollar for valstyret. 


Sist oppdatert: 06.10.2023
Publisert: 18.06.2021