Brukarmedverknad

Alle råd og utval på skulane har rett til å uttala seg og koma med forslag i saker som gjeld skulen.

Kva ansvar har kommunen?
  • Me skal orientera råd og utval om skulemiljøet og gjera utvala kjent med arbeid innanfor helse, miljø og tryggleik.
  • Me skal ta råd og utval med i planlegging og gjennomføring av miljøtiltak ved skulen.
  • Me skal varsla elevar og føresette dersom det oppstår forhold som har negativ innverknad på helsa til elevane.
Kva rolle har råda og utvala?
  • Ingen av råda eller utvala har avgjerdsmynde.
  • Råda og utvala skal vera ein arena for å utveksla meiningar og gje felles uttalar til skulane.

Kvar skule skal ha følgjande råd og utval:

  • elevråd
  • samarbeidsutval (SU)
  • skulemiljøutval (SUM)
  • foreldreråd (FAU)

Trykk her for å lese kva Opplæringslova seier om rolla til dei ulike råda og utvala.

Klage på manglande elevmedverknad

Barneombodet har laga eit skriv, som elevar kan bruke om dei ønskjer å gje skuleleiinga ei tilbakemelding på manglande elevmedverknad.

Klage på manglande elevmedverknad


Sist oppdatert: 22.02.2021
Publisert: 07.06.2018