Mobbing

Slik får du hjelp

Vert du mobba?

Alle elevar har rett til å ha det bra på skulen. Dersom du vert krenka eller mobba, er det viktig at du seier ifrå til nokon om det. Du vel sjølv kven du vil snakka med. Du kan til dømes ta kontakt med ein lærar, helsesjukepleiar, foreldre, vener, trenar eller andre du kjenner.

Vert barnet ditt, eller andre barn, mobba?

Ta kontakt med skulen.

Dersom ditt eige eller andre barn du kjenner vert mobba, ta kontakt med skulen og be om eit møte med kontaktlærar og/eller rektor. Dette gjeld også dersom det er ditt barn som mobbar andre barn.

Er det mistanke om mobbing frå vaksne ring rådgjevar oppvekst tlf. 966 26 107.

Ved alvorlege krenkingar kan du også ta kontakt med politiet. Du kan tipse politiet om det som skjer med deg eller nokon du kjenner. Du kan også melde saka.

Kva skal skulen gjera?

Skulen si plikt

Skulen si aktivitetsplikt er skjerpa inn, noko som betyr at alle tilsette på skulen har plikt til å følgje med, gripe inn, undersøkje saka, varsle og gjere tiltak. 

Involverte elevar skal verta høyrt, og eit grunnleggjande omsyn skal vera elevane sitt beste. 

Når det skal setjast i verk tiltak, skal skulen lage ein skriftleg aktivitetsplan for dette. Skulen skal også dokumentera kva som er vorte gjort for å løysa saka. Skulen skal følgje opp tiltaksplanen ilag med deg og barnet ditt, og vurdere om tiltaka fungerer. Det skal ikkje ta meir enn ei veke frå eleven eller føresette har meldt frå til skulen og til skulen har undersøkt saka og eventuelt sett i verk tiltak. Dersom barnet ditt ikkje får det betre, skal skulen halde fram med tiltaka eller setje i gong nye tiltak. Skulen skal avslutta planen når du og barnet ditt opplever at skulemiljøet er trygt og godt.

Trykk her for å lese kva Opplæringslova seier om skulemiljøet til elevane.

Les meir om aktivitetsplikta

Plikt til å følgje med

Plikta startar ved mistanke eller kunnskap om at ein elev ikkje har det trygt og godt på skulen. Det er ei plikt for den einskilde å vera årvaken og aktivt observera korleis elevane agerer kvar for seg og seg imellom.

Plikt til å gripe inn

Alle skal gripe inn ved krenkingar. «Gripe inn» skjer med ein gong og er retta mot å stoppe ein situasjon.

Plikt til å varsle

Rektor skal varslast ved all mistanke om/ eller kjennskap til at ein elev ikkje har eit trygt og godt skulemiljø. Rektor skal varsle skuleeigar i alvorlege tilfelle.

Plikt til å undersøkje

Plikta startar når ein har mistanke om eller kjennskap til at ein elev ikkje har eit trygt og godt skulemiljø. Terskelen skal vera låg. Plikta vert alltid utløyst dersom ein elev sjølv seier frå at han eller ho ikkje opplever at det er trygt og godt på skulen.

Plikt til å setje inn tiltak

Skulen har ei plikt til å setje inn tiltak som er eigna til å sørgje for at eleven får eit godt og trygt skulemiljø. Plikta omfattar å følgje opp tiltaka og evaluera korleis tiltaka verkar. Dersom eleven opplever å ikkje ha eit trygt og godt skulemiljø, skal dette alltid utløyse aktivitet og plikt til å setja inn tiltak.

Tek ikkje skulen deg på alvor?

Vert du framleis mobba, eller følgjer ikkje skulen opp?

Dersom det ikkje vert slutt på mobbinga etter at du har sagt ifrå, eller du opplever at skulen ikkje føl opp saka, kan du ta saka opp med Statsforvaltaren i Vestland. Statsforvaltaren har rolle som handhevingsmynde, og skal vurdere om skulen oppfyller aktivitetsplikta. Dersom saka ikkje er teken opp med rektor, eller det er under ei veke sidan ho vart teken opp, skal Statsforvaltaren avvisa saka, med mindre særlege grunnar gjer dette urimeleg.

Kjem Statsforvaltaren til at skulen ikkje har oppfylt aktivitetsplikta, kan Statsforvaltaren vedta kva skulen skal gjera for å sørgja for at eleven får eit trygt og godt skulemiljø. Det skal setjast ein frist for gjennomføring av vedtaket, og Statsforvaltaren skal følgje opp saka. Statsforvaltaren kan vedta reaksjonar etter skulen sitt ordensreglement, eller at ein elev skal byta skule.

Barneombodet har laga ein mal til deg som vil klage på dårleg skulemiljø.

Trykk her for å gå til sida der du kan laste ned malen.

Dette har du krav på

Alle barn har rett til å ha det trygt og godt på skulen

Dersom tilsette ved skulen har mistanke om eller kjennskap til at ein elev vert utsatt for krenkjande ord, mobbing, diskriminering, vald eller rasisme, skal den tilsette undersøkje saka med ein gong, og deretter varsla leiinga ved skulen. Det er innført ei skjerpa aktivitetsplikt dersom det er ein som arbeider på skulen som krenkjer ein elev.

Utdanningsdirektoratet har laga ei informasjonsside til barn, unge og foreldre som seier kva rettar dei har.

Trykk her for å gå til Utdanningsdirektoratet sine sider.

Treng du meir informasjon?

Mobbeombod i Vestland

Alle barn og unge har rett til eit trygt og godt barnehage- og skulemiljø. Mobbeombodet i Vestland har eit tilbod til alle barn og unge (og deira foreldre) som opplever å ikkje ha det bra i barnehagen eller på skulen.
Mobbeomboda i Vestland heiter Mari-Kristine Morberg og Aina Drage. Dei rettleiar i saker som handlar om psykososialt miljø, barnets rettar og korleis du kan gå fram om du ikkje har det bra.

Kontakt mobbeomboda

Alle kan ta kontakt med mobbeomboda.

Du kan òg følgje ombodet på Snapchat (mobbeombod) eller Facebook.
Du kan lese meir om ombodet og kva dei kan hjelpe deg med her.


Sist oppdatert: 14.10.2021
Publisert: 20.10.2020