HeimSkule og utdanningElevvelferdPsykolog for barn og unge

Psykolog for barn og unge

Psykologtenesta

Kommunepsykologen i Samnanger tilbyr eit lågterskeltilbod til barn, unge og vaksne med psykiske plager og lidingar, livskriser og andre utfordringar som verkar inn på den psykisk helsa. 

Dette er eit tilbod om psykisk helsehjelp for milde til moderate psykiske symptom og vil innehalde kartlegging, behandling og rådgjeving i ei kortare periode. Hovedfokus for tilbodet er å førebyggje utvikling av meir alvorleg problematikk. 

Bestilling av time

Det er ikkje krav om tilvising frå lege, men i mange tilfeller er det nyttig med bakgrunnsinformasjon frå lege eller andre kommunale tenester for å kunne gje best mogleg hjelp. Lege, eller helsesjukepleiar kan sende tilvising.

Personar over 16 år eller foreldre på vegne av born under 16 år kan bestille ein kartleggingstime direkte på telefon: 966 25 285.

Har du behov for meir omfattande og langvarig behandling, kan det hende du treng oppfølging frå spesialisthelsetenesta. Barn og unge som har krav på hjelp etter lov om spesialisthelsetenester skal tilvisast BUP, og vaksne over 18 år skal tilvisast DPS. Henvisning kan utarbeidast av fastlege. Kommunepsykolog tilviser videre dersom det i løpet av samtale vert avdekka behov for utredning eller spesialisert behandling.

Stad

Samtale med psykolog vil finne stad på Helsetunet og Kommunehuset. Det er også moglegheit for samtaler på video/nett.

Tilbodet er ope måndagar på Helsetunet og tysdagar på Kommunehuset. 

Betaling

Tilbodet er gratis.

Smittevern

For å hindre spreiing av Koronavirus:

  • Ikkje møt til time dersom du har symptom på luftvegsinfeksjon eller feber (ring å avlys timen, eller ta samtalen på video).
  • Sprite/vaske hendene i det du går inn til samtale og når du går ut.
  • Me må halda 2 meter avstand til kvarandre under samtalen.
  • Host eller nys i albogen.
Sjølvhjelpsverktøy

Mestre koronakrisen  -  Assistert sjølvhjelp har utvikla eit verktøy som passar for deg som synest kvardagen er i overkant utfordrande i disse tider. 

eMeistring - Helse Bergen  -  Tilbyr veileda internettbehandling til deg som slit med panikkliding, sosial angst eller depresjon. Pasientar i Bergensområdet kan ta direkte kontakt med eMeistring. Du treng ikkje tilvising frå fastlege.  


SMART  -  er ein app for stressmeistring. Frå 14 år og oppover. 

Sjølvhjelpsprogram for ulike vansker  -  Norsk Helseinformatikk har utarbeida sjølvhjelpsprogram for depresjon, søvnvansker, ulike typer angst og fobier. Sjølvhjelpsprogramma nyttar kognitiv terapi og kan passe til vaksne med milde til moderate symptom.   

Kontaktinformasjon

Kommunepsykolog: Venla Arponen Snilstveit
venla.arponen.snilstveit@samnanger.kommune.no
Telefon: 966 25 285
Postadresse: Tyssevegen 108, 5650 Tysse  
Besøksadresse: Tyssevegen 108 (Helsetunet på Haga), og Tyssevegen 217 (Kommunehuset på Tysse)  


Sist oppdatert: 16.05.2023
Publisert: 18.10.2018