Skulemiljø

Alle elevar har rett til eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, trivsel og læring. Både elevar, føresette og råd og utval på skulen, kan be om tiltak for å betre skulemiljøet.

Skulemiljøet omfattar både:

  • Det fysiske miljøet, til dømes inneklima og leikeareal.
  • Det psykososiale miljøet, at elevane har eit trygt og godt skulemiljø
Skulen si aktivitetsplikt
  • Alle som arbeidar på skulen, skal følgje med på om elevane har eit trygt og godt skulemiljø, og gripe inn mot krenkingar som mobbing, vald, diskriminering og trakassering dersom det er mogleg.
  • Alle som arbeidar på skulen, skal varsla rektor dersom dei får mistanke om eller kjennskap til at ein elev ikkje har eit trygt og godt skulemiljø. Rektor skal varsla skuleeigar i alvorlege tilfelle.

Aktivitetsplikta er delt i fem:

  1. Plikt til å følgje med
    Plikta startar ved mistanke eller kunnskap om at ein elev ikkje har det trygt og godt på skulen. Det er ei plikt for den einskilde å vera årvaken og aktivt observere korleis elevane agerer kvar for seg og seg imellom.
  2. Plikt til å gripe inn
    Alle skal gripe inn ved krenkingar. «Gripa inn» skjer med ein gong og er retta mot å stoppe ein situasjon.
  3. Plikt til å varsla
    Rektor skal varslast ved all mistanke om eller kjennskap til at ein elev ikkje har eit trygt og godt skulemiljø. Rektor skal varsla skuleeigar i alvorlege tilfelle.
  4. Plikt til å undersøkja
    Plikta startar når ein har mistanke om eller kjennskap til at ein elev ikkje har eit trygt og godt skulemiljø. Terskelen skal vera låg. Plikta blir alltid utløyst dersom ein elev sjølv seier frå at han eller ho ikkje opplever at det er trygt og godt på skulen.
  5. Plikt til å setja inn tiltak
    Skulen har ei plikt til å setja inn tiltak som er eigna til å sørgja for at eleven får eit godt og trygt skulemiljø. Plikta omfattar å følgja opp tiltaka og evaluera korleis tiltaka verkar. Dersom eleven opplever å ikkje ha eit trygt og godt skulemiljø, skal dette alltid utløysa aktivitet og plikt til å setja inn tiltak.

Involverte elevar skal verta høyrt, og eit grunnleggjande omsyn skal vera elevane sitt beste.

Når det skal setjast i verk tiltak, skal skulen laga ein skriftleg plan for dette. Skulen skal også dokumentere kva som er vorte gjort for å løysa saka.

Slik klagar du på skulemiljøet

Er du misnøgd med det fysiske skulemiljøet?

Trykk her for å laste ned klagemalen til Barneombodet.

Vert du mobba?

Trykk her for å lese om mobbing og korleis du varslar.

Kva skjer etter ei klage?

Skulen skal snarast undersøkja og vurdera om det er behov for å setja inn tiltak for å sikra eleven eit trygt og godt skulemiljø.

Dersom du ikkje har fått tilbakemelding frå skulen innan ei veke, kan du ta saka opp med Statsforvaltaren. Statsforvaltaren skal avgjera om aktivitetsplikta til skulen er oppfylt og kan gjera vedtak om kva skulen skal gjera for å sørgja for at eleven får eit trygt og godt skulemiljø.

Vil du klaga?

Det er Statsforvaltaren som fattar enkeltvedtak i høve til elevane sitt psykososiale skulemiljø. Ein klage på vedtak frå Statsforvaltaren skal stilast til Statsforvaltaren. Skuleeigar har ikkje klagerett.

Les meir

Sist oppdatert: 15.02.2021
Publisert: 07.06.2018