Grunnskule for vaksne
Alle med innvandrarbakgrunn, må ha norsk personnummer og rett på opphald for å få tilbod om grunnskule for vaksne. Du må også ha folkeregistrert adresse i Samnanger kommune.
Fag på grunnskulen:
- norsk
- engelsk
- matematikk
- naturfag
- samfunnsfag
Slik søkjer du
Du kan søke heile året.
Ønskjer du plass frå hausten, må du søke før 1. april
Alle som vil ta grunnskule for vaksne blir invitert til ein samtale hos kommunalsjef oppvekst Irene Ullensvang, kommunehuset i Samnanger.
Om påmelding: Ved Nygård skole, Bergen.
Til samtalen må du ta med:
- Dokumentasjon på opphaldsløyve: Pass, opphaldskort, registreringsbevis eller brev frå politiet eller UDI
- Legitimasjon med bilde
- DUF-nummer eller fødselsnummer
- Dokumentasjon på tidlegare norskkurs
- Har du nettopp flytta til Samnanger, må du ta med bustadattest frå Folkeregisteret.
Treng du spesialundervisning?
Trykk her for å lese meir om spesialundervisning for vaksne på grunnskule.
Kva kostar det?
Tilbodet er gratis.
Kontakt oss
- E-post; post@samnanger.kommune.no
- Telefon; 56587400
Sist oppdatert:
10.07.2024
Publisert:
07.06.2018