Kurs i norsk og samfunnskunnskap

Norskkurs

  • A1
  • A2
  • B1, del 1
  • B1, del 2
  • B2
  • Kurs i alfabetisering

Trykk her for å finne informasjon på fleire språk

Kva kostar det?

Dei tilbyr norskkurs på alle nivå. Kursa er både for deg som har rett til gratis norskopplæring og deg som må betale kursa sjølv.

Kurset er gratis for deg som:

  • har fått ja til asylsøknad
  • er overføringsflyktning
  • har rett på opphald på humanitært grunnlag
  • har rett på opphald etter ja på søknad om familiegjenforeining
  • har rett på kollektiv beskytting

Slik melder du deg på kurs

Trykk her for informasjon om korleis du søkjer.

Synes du det er vanskeleg å fylle ut skjemaet? Ta kontakt, så kan me hjelpe deg.

Alle som vil ta norskkurs vert invitert til ein samtale om påmelding hos oss på kommunehuset i Tyssevegen 217, 5650 Tysse.

Til samtalen må du ta med:

  • Dokumentasjon på opphaldsløyve: Pass, opphaldskort, registreringsbevis eller brev frå politiet eller UDI
  • Legitimasjon med bilde
  • DUF-nummer eller fødselsnummer
  • Dokumentasjon på tidlegare norskkurs
  • Har du nettopp flytta til Samnanger, må du ta med bustadattest frå Folkeregisteret.

Slik melder du deg på til norskprøve

Trykk her for informasjon om korleis du melder deg på til norskprøve.

Kontakt oss


Sist oppdatert: 16.05.2023
Publisert: 31.05.2018