Realkompetansevurdering

Ønskjer du å ta grunnskule for vaksne, men manglar dokumentasjon på opplæringa du har fått i heimlandet ditt?

Realkompetanse er summen av alt det du kan etter utdanning, jobbar du har hatt og aktivitetar du har vore med på. Med ei vurdering av realkompetansen din får du dokumentert kva du kan.

Slik går du fram

Ta kontakt med vaksenopplæringa og be om ei realkompetansevurdering.

Til den første samtalen må du ta med dokumentasjon på all utdanning og jobberfaring.

Kva kostar det?

Dette varierer, så det får du informasjon om i kontakt med vaksenopplæringa.

Kva får du?

Etter ei kartlegging og vurdering av det du kan, får du eit kompetansebevis.

Vurderinga kan gi deg:

  • dokumentasjon på godkjent kompetanse i eitt eller fleire fag
  • avkorta eller tilpassa tilbod om grunnskule for vaksne

Kontakt oss


Sist oppdatert: 16.02.2021
Publisert: 20.10.2020