Samnanger PPT
Kva kan PPT hjelpe til med?
PPT gjev råd, kartlegg og er sakkunnig instans i spørsmål om barn sine behov for spesialpedagogisk hjelp (0-6år) og spesialundervisning (6-16år). PPT er også sakkunnig instans for vaksne med behov for spesialundervisning.
PP-tenesta skal også hjelpe barnehagar og skular med kompetanseheving og organisasjonsutvikling, slik at barnehage og skule legg til rette for barn og elevar med særskilte behov.
Ein har eit mål om at barn, elevar og vaksne med særskilte behov får eit inkluderande, likeverdig og tilpassa pedagogisk tilbod.
PP-tenesta sitt mandat er regulert i
opplæringsloven § 5-6 og barnehagelova § 33
Barn/elevar kan på eit eller anna tidspunkt i utdanningsløpet trenge ekstra hjelp og støtte i kortare eller lengre periodar. Døme på særskilte behov kan vere:
- språk- og kommunikasjonsvanskar
- konsentrasjonsvanskar
- lærevanskar eller fagvanskar
- lese- og skrivevanskar
- matematikkvanskar
- sosiale- og emosjonelle vanskar
- åtferdsvanskar
- syn- og høyrslevanskar
- ulike typar utviklingsvanskar
Barnehagelova og Opplæringslova fortel ikkje kva særskilte behov som kvalifiserer til spesialpedagogisk hjelp og spesialundervisning.
Det er ikkje avgjerande med diagnose, og PPT må vurdere i kvart enkelt tilfelle kva som er behovet.
PPT skal også gjere sakkunnige vurderingar ved søknad om tidleg eller utsett skulestart og spesialundervisning for vaksne med særskilte behov.
PPT for barn/elevar 0-16 år
PPT har jamlege møter med barnehagane og skulane der me samarbeider for god tilpassa opplæring for born og elevar. Ein kan også drøfte spesialpedagogiske tiltak. Dersom barnet eller eleven sine behov ikkje kan løysast innanfor det ordinære, kan PPT gjere ei sakkunnig vurdering ved å kartleggje barnet sine utfordringar, og uttale seg om behova. Eit barn som ikkje har eller ikkje kan få utbytte av barnehagetilbodet/ opplæringstilbodet, kan ha rett til spesialpedagogisk hjelp / spesialundervisning.
Dersom ein har spørsmål avgrensa til kun språk/språkvanskar kan ein kontakte logoped, som kan gi råd gjennom PPT-kontoret sitt lågterskel-tilbod.
Samnanger kommune sine RUTINEPLANAR:
(saksgang, skjema og malar)
Les meir om saksgang og finn tilvisingsskjema, mal for pedagogisk rapport, plan for spesialpedagogisk hjelp / spesialundervisning (IOP), årsrapport m.m. her:
Alle tilvisingar må fylgje rutinar i desse dokumenta:
Rutinar for tilpassa opplæring og spesialundervising - Blått hefte
Rutinar for spesialpedagogisk hjelp - Raudt hefte
Korleis går føresette fram ved bekymring?
- Ta kontakt med barnehage/skule dersom du er bekymra for barnet/eleven sitt utbyte av det ordinære tilbodet i barnehage eller skule.
- Barnehage eller skule gjer sine undersøkingar og prøver ut tiltak. PPT kan rettleie i denne fasen dersom føresette har samtykka til det.
- Dersom tiltaka ikkje hjelper barnet ditt, tar barnehagen/skulen kontakt med PPT som gir råd om vidare tiltak, og vurderer behovet for tilmelding til PPT.
- Etter tilmelding til PPT vert føresette kalla inn til ei inntakssamtale, der ein går gjennom utviklingshistoria til barnet, innhaldet i tilmeldinga og legg plan for løpet vidare. PPT gjer ei sakkunnig vurdering.
- I ei sakkunnig vurdering, som byggjer på kartlegging av barnet sine styrker og utfordringar, vert det gjeve råd til kva type tilbod barnet ditt bør få.
- Dersom den sakkunnige vurderinga gir råd om spesialpedagogisk hjelp eller spesialundervisning, gjer kommunen eit enkeltvedtak om dette,
og dei spesialpedagogiske tiltaka kan setjast i gang.
Veilederen Spesialpedagogisk hjelp (udir.no)
Informasjonsbrosjyre om spesialpedagogisk hjelp i barnehagen
Veilederen Spesialundervisning (udir.no)
Informasjonsbrosjyre om spesialundervisning i skulen
PPT for vaksne
Vaksne kan ha rett til spesialundervisning på to alternative grunnlag:
-når ein ikkje har tilfredsstillande utbyte av det ordinære opplæringstilbodet
-når ein har særlege behov for opplæring for å utvikle eller halde ved like grunnleggjande ferdigheiter
Rettleiaren Spesialundervisning for vaksne (udir.no)
Rutinar for tilpassa opplæring og spesialundervising - Blått hefte
Kontaktinformasjon
Adresse:
- Tyssevegen 217, 5650 Tysse Sjå i kart
PPT-leiar Kari Kallevik Hjartnes
- Telefon: 56587438
- Mobiltelefon: 99040313
- E-post: kari.kallevik.hjartnes@samnanger.kommune.no
Logoped Gunnveig Åkre:
- Telefon: 56587433
- Telefon: 56587400
- E-post: gunnveig.akre@samnanger.kommune.no
Logoped (vikar) Solveig Tuft:
- Telefon: 56587400
- E-post: solveig.tuft@samnanger.kommune.no
PPT sine samarbeidspartnarar
PPT samarbeider med andre kommunale tenester som til dømes helsestasjon/skulehelsetenesta, kommunepsykolog og barnevern. Samarbeidspartnarar utanfor kommunen er til dømes Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP) og Statped Vest.
I individsaker må ein ha samtykke frå føresette før samarbeid på tvers av desse tenestene.
Lovgrunnlag
Opplæringslova §5.1:
Kvar kommune og kvar fylkeskommune skal ha ei pedagogisk-psykologisk teneste. Den pedagogisk-psykologiske tenesta i ein kommune kan organiserast i samarbeid med andre kommunar eller med fylkeskommunen.
Tenesta skal hjelpe skolen i arbeidet med kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling for å leggje opplæringa betre til rette for elevar med særlege behov. Den pedagogisk-psykologiske tenesta skal sørgje for at det blir utarbeidd sakkunnig vurdering der lova krev det. Departementet kan gi forskrifter om dei andre oppgåvene til tenesta.
Barnehagelova § 33:
Kommunens pedagogisk-psykologiske tjeneste er sakkyndig instans i saker om spesialpedagogisk hjelp. Den pedagogisk-psykologiske tjenesten skal sørge for at det blir utarbeidet lovpålagte sakkyndige vurderinger.
Den pedagogisk-psykologiske tjenesten skal bistå barnehagen i arbeidet med kompetanse- og organisasjonsutvikling for å tilrettelegge barnehagetilbudet for barn med særlige behov.
Vidaregåande skule
Elevar i vidaregåande skule må vende seg til den fylkeskommunale tenesta.