Skulefritidsordning (SFO)
Skulefritidsordninga (SFO) ved Samnanger barneskule er eit tilbod til:
- elevar i 1. - 4. trinn
- elevar med særskilde behov i 1. - 7. trinn
Påmeldingsfrist
Påmeldingsfrist til SFO innan 31. mars
Påmelding
Trykk her for påmeldingsskjema til SFO skuleåret 2022/2023
Kva kostar det?
Prisar 2022
Kroner | |
Heil plass 5 dagar per veke | 3 003,- per månad |
Ettermiddagsplass 5 dagar per veke | 2 107,- per månad |
Morgonplass 5 dagar per veke | 1 204,- per månad |
Ettermiddagsplass 3 dagar per veke | 1 295,- per månad |
Kombinasjonsplass 3 dagar per veke (morgon- og ettermiddagplass) |
2 107,- per månad |
Kombinasjonsplass 2 dagar per veke (morgon- og ettermiddagsplass) |
1 204,- per månad |
Søskenmoderasjon | 30 % barn nummer 2 50 % barn nummer 3 eller fleire |
Tillegg | |
Kjøp av enkeltdag | 283,- per dag |
Kjøp av enkeltmorgon | 127,- per morgon |
Gebyr ved for sein henting | 550,- |
Frå og med skuleåret 2021/2022 skjer fakturering 10 gongar per år (august og juli er betalingsfrie månader). Betalinga er for eit tilbod på 190 dagar per skuleår i samsvar med skuleruta.
Pris for tilbod utanom skuleruta
SFO gir òg tilbod om 20 dagar per skuleår utanom skuleruta. Det er eiga påmelding til dette tilbodet. Dette tilbodet må betalast for i tillegg til vanleg foreldrebetaling for 190 dagar per skuleår.
Prisar i 2022 | |
Kjøp av enkeltdag | 283,- per dag |
Kjøp av enkeltmorgon | 127,- per morgon |
Gebyr ved for sein henting | 550,- |
Redusert foreldrebetaling
Frå 01.08.2020 er det i forskrift til opplæringslova §§ 1B -1 vedtatt ei ny moderasjonsordning om redusert foreldrebetaling i skulefritidsordninga (SFO). Ordninga er søknadsbasert. Frå og med skuleåret 2021/2021 (frå og med august 2021) gjeld ordninga for elevar på 1. til 4. trinn.
Trykk her for å gå til forskrift til opplæringslova
Gratis SFO for elevar med særskilde behov på 5. - 7. årstrinn
Kommunen skal ha eit tilbod om SFO for elevar med særskilde behov på 5. - 7. trinn. Tilbodet skal vera gratis, men kommunen kan likevel krevje betaling for kost.
Slik seier du opp plassen
Oppseiing av plassen må vera skriftleg, og skal sendast eller leverast til Samnanger barneskule.
Det er 1 månad oppseiingstid. Dersom ein ikkje skal ha plassen skuleåret etter, må det meldast i frå skriftleg via brev eller e-post innan 1. april. Sluttar barnet etter 1. april er regelen at det skal svarast betaling for resten av skuleåret.
Om SFO-tilbodet
Formålet med SFO er å gi elevane eit trygt tilsyn før og etter den obligatoriske skuledagen. Me legg vekt på omsorg, leik, kulturaktivitetar og sosial læring. Heilskapen i aktivitetstilbodet vert vektlagt.
SFO skal stimulera barn til å bruka og utvikla evner og anlegg, og i samarbeid med heim og skule gje dei eit godt grunnlag til å verta sjølvstendige, tolerante og skapande menneske.
- Eit tilbod på skulen før og etter skuletid
- Eit tilbod på skulen i nokre av skulen sine feriar
SFO-vedtektene våre
Trykk her for vedtekter for skulefritidsordninga i Samnanger kommune
Kva seier lova?
- Trykk her for å lesa kva Opplæringslova seier om SFO
- Trykk her for å lesa regelverket på Utdanningsdirektoratet sine heimesider
- Trykk her for å lesa om kravet til politiattest for tilsette
Kontaktinformasjon
Samnanger barneskule:
- Telefon: 56589980
- E-post: barneskulen@samnanger.kommune.no
- Adresse: Nesjavegen 17, 5650 Tysse
- Telefon SFO: 48899549