HeimSkule og utdanningSpesialundervisning

Spesialundervisning

Spesialundervisning for grunnskuleelevar

Har du eit barn som ikkje har eller kan få utbytte av det ordinære opplæringstilbodet på skulen, kan han eller ho ha rett til spesialundervisning.

Slik går du fram

  • Ta kontakt med skulen til barnet ditt.
  • Skulen gjer sine undersøkingar og prøver ut tiltak.
  • Dersom tiltaka på skulen ikkje hjelper barnet ditt, tar skulen i samråd med føresette, kontakt med PPT og ber dei om ei sakkunnig vurdering. PPT vurderer behovet for spesialundervisning, og gjev råd til kva type tilbodet barnet ditt bør få. 
  • Rektor gjer vedtak om spesialundervisning.
  • Barnet ditt og du som føresett må samtykke.

Har du rett til hjelp?

Før kommunen avgjer om barnet ditt får spesialundervisning skal pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) vurdere kva som er best for barnet ditt.

Årsaka for å be om hjelp frå PPT kan vere mange:

  • mistanke om forseinka utvikling
  • språk- og kommunikasjonsvanskar
  • lærevanskar
  • fagvanskar
  • konsentrasjonsvanskar
  • åtferdsvanskar
  • sosiale og emosjonelle vanskar
  • funksjonshemming

Før skulen ber om ei vurdering frå PPT, skal leiinga på skulen alltid vurdere om det er mogleg å hjelpe barnet ditt innanfor det ordinære opplæringstilbodet. Skulen skal også sjå om det hjelper med tilpassa opplæring. Dersom ingen av tiltaka hjelper barnet ditt, skal skulen i samrådmed føresette, ta kontakt med PPT.

Klage på vedtak

Du kan klaga på det endelege vedtaket til rektor på skulen. Me har ikkje eit eige skjema for dette, så det er nok at du skriv eit brev og sender det til skulen.

Spesialundervisning for vaksne på grunnskulen sitt område

Tilbod til vaksne som:

  • ikkje har utbytte av det ordinære undervisningstilbodet.
  • treng ekstra opplæring for å kunne utvikle eller vedlikehalde grunnleggande ferdigheiter

Slik går du fram

  1. Ta kontakt med vaksenopplæringa i kommunen.
  2. Vaksenopplæringa tek kontakt med pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) og ber om ei sakkunnig vurdering. PPT vurderer behovet for spesialundervisning, og gjev råd til kva type tilbod du bør få. 
  3. Du har rett til å uttale deg før kommunen gjer vedtak.
  4. Kommunen gjer vedtak og informerer deg om konklusjonen.

Kva kostar det?

Opplæringa og undervisningsmateriellet er gratis.

Kva hjelp får du?

Du får ein individuell opplæringsplan (IOP) med:

  • mål for opplæringa
  • innhaldet i opplæringa
  • korleis gjennomføre opplæringa

Rutinar for tilpassa opplæring og spesialundervising  -  Blått hefte

 

Klage på vedtak

Er du ikkje nøgd med avgjerda til kommunen, kan du klaga innan tre veker etter at du mottek vedtaket. Forklar kva du er ueinig i og kvifor du meiner at me bør endre vedtaket. Treng du rettleiing for å klaga, kan du be om hjelp. Dersom me ikkje endrar vedtaket, sender me klagen vidare til Statsforvaltaren i Vestland som avgjer om du skal få medhald eller ikkje.


Sist oppdatert: 15.02.2021
Publisert: 20.10.2020