Språkopplæring
Slik går du fram
Ta kontakt med skulen der eleven går. Skulen skal gje deg informasjon og hjelpe deg vidare.
Skulen skal kartleggje kva kunnskap eleven har i norsk før vedtak vert gjort. Slik kartlegging skal også skje undervegs i opplæringa for å finne ut om eleven har tilstrekkeleg norskkunnskap til å følgje den vanlege undervisninga.
Kven kan få tilbodet?
- Eleven må ha anna morsmål enn norsk og samisk
- Eleven har ikkje gode nok kunnskaper i norsk til å følgje den ordinære undervisninga
- Det må vere eigna undervisningspersonale i kommunen (dette gjeld morsmålsundervisning og tospråkleg fagopplæring)
Kva undervisning kan du få?
- Særskilt norskopplæring som er opplæring i grunnleggjande norsk for språklege minoritetar.
- Morsmålsopplæring som er knytt til grunnleggjande lese- og skriveopplæring for småskuletrinnet.
- Tospråkleg fagopplæring som er opplæring i fag på morsmålet og på norsk.
Kva seier lova?
Sist oppdatert:
20.07.2022
Publisert:
20.10.2020