Forureining og forsøpling

Alle innbyggarar og andre som oppheld seg/ferdast i Samnanger kommune har eit ansvar for å unngå forsøpling og forureining.

  • Forsøpling er å tømme, etterlate, oppbevare eller transportere avfall som er skjemmande eller kan vere til skade eller ulempe for miljøet. 
  • Du har ikkje lov til å ha, gjere eller sette i verk noko som kan forureine.  
  • Dersom du skal gjere noko som kan forureine, må du søke om lov.

Plikt til å unngå forureining og forsøpling

Ingen må lagre eller handtere avfall slik at det kan virke skjemmande eller vere til skade eller ulempe for miljøet (forureiningslova § 28).

Kvar enkelt har ansvaret for å frakte avfall som møblar, kvitevarer, hageavfall, bil- og båtvrak og anna avfall til miljøparkane i kommunen eller til andre godkjente mottak.

Her finn du informasjon om Samnanger kommune sin miljøpark.

På same måte har kvar abonnent ansvaret for at det er orden og ryddig rundt sine avfallsdunkar. Er hyttekonteinaren full, må du ta med avfallet til ein annan konteinar eller ta med deg avfallet heim.

Driv du kiosk, gatekjøkken, daglegvarehandel eller liknande, har du ansvaret for å sette opp og tømme avfallsbehaldaren i nærleiken av salsstaden din (forureiningslova § 35).

Utslepp frå private avløpsanlegg er berre tillete etter godkjenning frå kommunen. Har du eit privat avløpsanlegg er du sjølv ansvarleg for at anlegget med tilhøyrande leidningar blir bygd og halde ved like, slik at det er i samsvar med løyvet som er gitt og at det ikkje går ureinsa kloakk i terrenget/naturen.

Hageavfall

Det er ikkje lov å kaste hageavfall i naturen. Hageavfall kan du enten kompostere i eigen hage eller levere til godkjent avfallsmottak. 

Dumping av hageavfall i naturen kan føre til at plantar som ikkje høyrer heime i norsk natur blir spreidd og kan forstyrra det naturlege plante- og dyrelivet. Dumping av hageavfall i naturen og på friområde vert rekna som forsøpling og er ulovleg.

Døme på framande skadelege planteartar er parkslirekne, hagelupin, kjempespringfrø. Artane som utgjer ein trussel ligg på Fremmedartslista.

Har du plantar som er omfatta av fremmedartslista, skal du ha dei i tette, lukka plastsekkar og levere det i miljøparken.

Båtar og bilar

Lagring av bilvrak, båtvrak og andre større maskiner fører til høg risiko for forureining og kan vere skjemmande for omgjevnadane. Bil- og båtvrak skal ikkje oppbevarast i naturen eller på privat eigedom, men skal leverast til godkjent avfallsmottak. Kommunen kan pålegga fjerning og opprydding både til eigar og til grunneigar der oppbevaring skjer.

I BiR-kommunane er det to leveringsstader for dette. Norscrap West AS ved Hanøytangen på Askøy eller Ragnsells sitt mottak i Rådalen.

Her finn du meir informasjon om BiR sine tenester.

Fyllingar

Alt avfall skal leverast til godkjent mottak. Forsøpling og oppbevaring av avfall i eit område kan føre til ei ulovleg avfallsfylling på kort tid. Dette verkar skjemmande i naturen og for omgjevnadane og kan få uheldige verknadar på miljøet.

Dersom du som grunneigar oppdagar avfall som er dumpa på eigedommen din, må du sjølv ta ansvar for at dette ikkje utviklar seg og setje i verk tiltak som hindrar vidare dumping.

Er du grunneigar?

Er du kjent med at det er leigetakar eller andre som er ansvarleg for å ha plassert avfall eller gjenstandar på din eigedom, må du få dei til å rydde opp.

Som grunneigar bør du tenke på kva tiltak som kan setjast i verk for å  avgrense moglegheita for avfallsdumping. Døme på tiltak kan være skilting, sperring/vegbom, rydding av skog/kratt, beplanting, belysning med meir.

Kommunen sitt ansvar

Kommunen har ansvar for oppfølging når det gjeld forsøpling og forureining på privat grunn. Når me får melding om forsøpling/forureining, vil me vurdere saka ut frå dei innsende opplysningane og alvorsgraden. Me går på synfaring dersom me finn det nødvendig.

Dersom me finn den ansvarlege for forureiningar/forsøplinga, vil me sende eit brev om saka og informere om du har ei sjølvstendig plikt til å ikkje forureine utan løyve (jf. §§ 7 og 11 i forureiningslova) og å hindre forsøpling (jf. § 28 i forureiningslova). Vidare betyr det at du har ei sjølvstendig plikt til å stanse, fjerne eller iverksette tiltak der forureining og eller forsøpling har skjedd. Der kommunen ikkje veit kven som er ansvarleg, er det grunneigar som må stå for oppryddinga.

Vidare oppfølging dersom tiltak ikkje blir sette i verk, er varsel og vedtak der me pålegg deg opprydding eller andre tiltak for å hindre vidare forureining og tvangsmulkt.

Slik melder du frå  

Når du skal melde ei sak er det viktig at du skildrar kva avfall det er og kor det er dumpa (adresse, gards- og bruksnummer eller GPS-koordinatar). Legg gjerne ved bilete.

  • Overfylte bossdunkar: Trykk her for å ta kontakt med BiR .
  • Avfall langs europaveg: Ta kontakt med Statens vegvesen.
  • Avfall langs fylkesveg: Ta kontakt med Vestland fylkeskommune.
  • Avfall eller forureining langs kommunal veg eller på kommunal eller privat eigedom: Ta kontakt med kommunen på telefon 56587400. Du kan også melde frå på e-post til post@samnanger.kommune.no.
  • Akutt forureining: Meld frå til brannvesenet på telefon 110.

Meir informasjon

 

 


Sist oppdatert: 21.02.2024
Publisert: 15.07.2020