Renovasjon for hushald

Bossdunkar

Når du flyttar til ein ny bustad, har du sjølv ansvar for å skaffe dei bossdunkane som du treng til avfallet ditt. 

Dersom du treng større dunk for restavfall og papir, kan du bestille det hos BIR. For plastemballasje får du utdelt blanke plastsekker som du set ut ved sida av papirdunken din. Dersom du ønskjer å kompostere matavfallet, kan du inngå avtale om heimekompostering.

Tømmekalender

Tømmekalender finn du her 

Sorteringsguide

Sjå sorteringsguide her

Har du bygd eller kjøpt hus, flytta inn i sameige/burettslag, eller selt bustaden din? 

Flytta inn i heilt nytt hus?

Når bustaden din er klar for innflytting, får renovasjonsselskapet ein såkalla attest frå kommunen. Faktura blir automatisk send til tinglyst eigar. Du er sjølv ansvarleg for å bestille bossdunkane.

Trykk her for å gå til meldeskjemaet på BiR sine heimesider

Kjøpt hus?

Har du kjøpt ein bustad som allereie har renovasjonsordning og bossdunkar, overtar du automatisk desse. Dersom du ønskjer å gjere endringar, anten å få større dunkar eller annan frekvens på tømminga, må du fylle ut skjema om endring av renovasjon og sende dette til NGIR.

Trykk her for å gå til meldeskjemaet på BiR sine heimesider

Flytta inn i sameige/burettslag?

I sameige og burettslag er ofte fellesløysingar for avfall brukte. Flytter du inn i ein slik bustad, får du informasjon om avfallsordninga hos eigar.

Selt bustaden din?

Når du sel eigedommen din, får BiR varsel frå eigedomsregisteret om eigarskifte når salet er tinglyst. Dunkane følgjer eigedommen, slik at ny eigar overtar dine dunkar og di renovasjonsordning. Dersom den nye eigaren ønskjer å gjere endringar, må han melde dette til BIR. . 

Kontaktinformasjon til BIR

Nettstad BIR


Sist oppdatert: 11.11.2021
Publisert: 11.10.2018