Avløpshandtering

Kommunen si avløpshandtering

I Samnanger er det om lag 500 husstandar og hytter knytt til det kommunale avløpsnettet. Resten har enten eit privat anlegg eller er knytt til eit privat fellesanlegg.

Kommunen skal sørgja for at avløpsvatnet frå alle eigedomar, som er knytt til det kommunale avløpsnettet, vert leda vekk på ein trygg måte. Samnanger kommune har vedteke standard abonnentsvilkår for å ivareta det gjensidige ansvarsforholdet mellom kommunen og den einskilde abonnent i samband med tilknyting til offentleg vass- og avlaupsanlegg, og for å sikra trygg utføring av sanitærinstallasjonar og private vass- og avlaupsanlegg.

Standard abonnementsvilkår for vatn og avløp i Samnanger kommune

Kommunen er i tillegg «forureiningsmynde» og har ansvar for tilsyn på:

  • Alle avløpsanlegg som slepp ut mindre enn 50 pe (sjå ordforklaring under)
  • Utslepp av avløpsvatn frå tettstadar med samla utslepp på mindre enn 2.000 pe til ferskvatn/elvemunning og mindre enn 10.000 pr til sjø
  • Utslepp av oljehaldig avløpsvatn
  • Påslepp til offentleg avløpsnett

PE er ei forkorting for personekvivalent. Nemninga vert brukt for å finne ut kor mykje avløp som vert generert i eit område. Enkelt sagt er ein pe lik utsleppet som ein person i husstanden generer. I snitt reknar ein at kvar husstand tilsvarar 2,5 pe.

Råd for å unngå overfløyming

Når det regnar som verst, kan tette slukar og rister føra til overfløyming på eigedomen din.

Følg desse råda, når du veit at uveret er på veg og det er fare for mykje nedbør og flom:

  • Sjekk slukane og ristene på eigedomen din. Sørg for at dei er opne, slik at vatnet får fritt leide.
  • Meld frå til kommunen dersom ein bekk i nærområdet ditt er demma opp av hageavfall eller anna – slik at kommunen kan fjerna det som stengjer for vatnet.
  • Fryktar du at vatnet kjem inn i kjellaren eller garasjen din? Løft tinga dine opp frå golvet. Sett ting i hyller, reolar og plastboksar som tåler vatn.
  • Er du på reise? Avtal med naboar og venner, som kan følgja med og ta i eit tak om det er trong for det.
  • Vert du ramma av overfløyming, og treng hjelp til å pumpa ut vatn? Ta kontakt med brannvesenet. 
Private avløpsleidningar

Eig du ein eigedom, er du ansvarleg for vedlikehald og utbetring av eventuelle feil og lekkasjar på delen av avløpsleidningen som går frå det offentlege leidningsnettet og til husveggen. Dette er den vanlege praksisen av eigarforhold i Samnanger kommune. 

Kvar eigar er med andre ord ansvarleg for sin avløpsleidning eller stikkleidning.

Ein stikkleidning er røyret frå huset ditt til den kommunale hovudleidningen. Alle slike røyr må leggjast og haldast ved like av eit godkjent føretak. 

Felles private avløpsleidningar

Nokre gonger kan det vere greitt å ha ein felles stikkleidning med andre grunneigarar for å dele på nokon av utgiftene. Ei slik løysing pleier ofte å vere delt inn i to delar.

Fyste delen vil vere fellesdelen som går frå den offentlege leidningen og fram til eit forgreiningspunkt. Det er denne delen som ein ofte deler ansvar på. Neste del er frå forgreiningspunktet og inn til eigen bustad. Denne delen pleier ein ofte å stå for sjølv. 

Korleis avtalen vert utabeidd og formulert er opp til grunneigarane sjølv. Det er viktig at avtalen blir skrifteliggjort og tinglyst. Om noko skulle skje på stikkleidningen og avtalen ikkje vart tinglyst, er dette grunneigarane sitt ansvar å retta opp.

Tips til deg som byggjer nytt

Hovudregelen er at det minst skal vere fire meter mellom den kommunale avløpsleidningen og huset ditt eller andre konstruksjonar (f. eks. ein mur).

Du må aldri byggje garasje eller andre bygg over ein stikkleidning.

Det er viktig at kumlokk er tilgjengelig for vedlikehald.

Ligg delar av stikkleidningen din over naboeigedomen, må du skriftleggjera og tinglyse ein avtale på eigedomen din. Det same gjeld om stikkleidningen er felles for fleire eigedomar.

Har du spørsmål om private stikkleidningar? Ring servicesenteret på kommunehuset på telefon 56587400

Rettleiing om sanitærinstallasjonar

Kommunen kan òg gi rettleiing om sanitærinstallasjonar.

Me kan svara på spørsmål i samband med kjøp eller sal av eigedomar, og gi råd når det kan vera snakk om arbeid som er i strid med gjeldande reglar.

Me kan òg gi råd til deg som har problem med sanitæranlegget i bustaden din. Vanlege spørsmål er:

  • Kva bør eg gjera?
  • Kven kan eg kontakta for hjelp?

Me kan ikkje svara på spørsmål om pris, eller koma heim til deg og vurdera tilstanden på anlegget ditt.

Leidningskart

Kommunen har ein digital leidningskartbase. Denne skildrar først og fremst dei kommunale anlegga, men private leidningar vil i framtida også verta lagt inn her når me får sluttdokumentasjon frå røyrleggjarbedrifter som har utført arbeid for private.

Før du set i gong gravearbeid, er det viktig å vita kva som eventuelt ligg i bakken hos deg! Ta kontakt med kommunen før du startar arbeidet. Me leverer kart til konsulentar, røyrleggjarfirma, privatfirma og dei som elles har trong for eit slikt kart. Me kan skrive ut eit kart på eit papir til deg, eller senda det på e-post som ei pdf-, sosi- eller dxf-fil.

Ring servicesenteret på kommunehuset på telefon 56587400 eller send ein e-post til post@samnanger.kommune.no

NB – Plassering, høgde og anna informasjon om leidningar og kummer er cirka-informasjon. Kartet kan med andre ord ikkje brukast som eit juridisk bindande dokument.

Søkja om privat avløpsanlegg og utsleppsløyve

Informasjon om å søkja om privat avløpsanlegg og utsleppsløyve.  

Slik hindrar du kloakklukt

Her får du tips til kva du bør sjekka og eventuelt gjera, dersom du i periodar er plaga med kloakklukt i huset ditt.

Hugs at det er krav til vasslås på alle avløpsinstallasjonar

I det kommunale avløpsnettet kan det danna seg kloakkgassar med sterk lukt. Kravet om vasslås skal hindra at lukta kjem ut av avløpsnettet og inn i huset ditt. Enkelte gonger kan det henda at vatnet i vasslåsen fordampar eller forsvinn. Dette kan føra til at kloakklukta kjem ut i rommet, der utstyret/sluken er plassert.

Underdimensjonering eller feil montering av anlegget i huset ditt, kan også føra til at vakuum i avløpsnettet sug vatnet ut i vasslåsen. I nokre tilfelle, kan vasslåsen verta broten når reinsepluggen/stakepluggen i sluken manglar.

Sjekk om avløpsleidningane dine er tette

Utette avløpsleidningar og skjøter kan også føra til lukt. Dette er ofte vanskeleg å oppdaga utan røyrinspeksjon eller røyktesting av avløpsnettet.

Hugs at det er krav til lufting over tak

For å unngå at du får lukt i huset ditt, er det krav til lufting over tak. Lufting over tak kan hindra undertrykk, som kan føra til at vatnet frå vasslåsen vert sugd ut.

Dette kan du gjera sjølv – før du tar kontakt med fagpersonar

  1. Start med å etterfylla alle vasslåsar i huset ditt med vatn.
  2. Hjelper det ikkje, rår me deg til å ta kontakt med ein røyrleggar for ei fagleg vurdering av avløpsanlegget i huset ditt.

Har du rotter i huset ditt?

Rotter som dør og vert liggjande i bygg, kan etter ei viss tid avgje ei lukt som liknar kloakklukta. Rotter kan også gnaga hol i avløpsleidningar, og vera årsaka til luktproblema i huset ditt.

Tømming av septiktank

Det er kommunen sitt ansvar å sørga for tømming av slamavskiljarar, septiktankar, klaringskummer og tette tankar. Ansvaret står skildra i forureiningslova.

Når kjem me?

Varselet om tømming av septiktanken din kjem i form av e-post og sms til eigar av tanken eit par veker før tøming. I bustader, der du eller andre bur fast, skal septiktanken tømmast kvart anna år. Septiktanken må minst vera 4 kubikk. Må tanken tømmast oftare fordi han er for liten, må den som eig eigedomen kosta ekstratømminga sjølv.

Dette må du gjere før tømming

Det er ditt ansvar som eigar å sørga for at anlegget som skal tømmast er lett tilgjengeleg for tømming med bil. Er kumlokket dekka med snø, jord eller andre gjenstandar, må du rydda før tømmebilen kjem.

Kven tømmer tanken?

I Samnanger kommune brukar me Johny Birkeland frå Norva 24 til tømming av private septiktankar. Trykk her for å gå til heimesida til Norva 24. 

I tillegg kan du hos Norva 24 søkja opp informasjon om din tank, for å sjekka når tanken sist vart tømt, kor ofte den skal tømast og stipulert tidspunkt for neste tøming. Klikk her for tenesta "Min tank".

Skal du kopla frå septiktanken din?

Å kopla frå ein septiktank er meldepliktig arbeid. Skal du gjera dette, må du ta kontakt med kommunen. Det er Johny Birkeland i Norva 24, som utfører arbeidet for kommunen.

Når tanken er kopla frå, må du senda ferdigmelding til kommunen. Ferdigmeldinga skal sendast til kommunen innan ei veke etter at arbeidet er utført.

Utslepp av feitthaldig avløpsvatn

Utslepp av feitt kan føra til tette leidningar og reinseanlegg, Det er difor krav til at bedrifter som lagar eller brukar næringsmiddel skal installera ein såkalla feittutskiljar.

Før du startar ei verksemd som kan tilføra feitt til leidningsnettet, må du ta kontakt med kommunen for å registrera og få godkjent feittavskiljaren. 

Verksemda må vidare inngå ein skriftleg tømmeavtale med eit tømmefirma. Sistnemne gjeld berre for anlegg som krev regelmessig tømming.

Utslepp av oljehaldig avløpsvatn

Oljeutslepp skapar problem både på leidningsnettet og på reinseanlegga. Difor er det krav til at bedrifter som har utslepp av oljehaldig avløpsvatn skal installera ein såkalla oljeutskiljar.

Kven må ha oljeutskiljar?

I Forureiningsforskrifta (kapittel 15) står det at bedrifter med vaskeplass, servicehall, smørehall og liknande må installere oljeutskiljar. Eksempel på slike verksemder er:

  • Bensinstasjonar
  • Motorverkstader
  • Bussterminalar
  • Verksteder og klargjeringssentralar for køyretøy, anleggsmaskiner, skinnegåande materiell
  • Anlegg for understellsbehandling

Slik søkjer du

Når du etablerer ei slik verksemd og søkjer kommunen og byggjeløyve, må du også sende ein «søknad om utslepp av oljehaldig avløpsvatn» til kommunen. Ta kontakt med kommunen for å få tilsendt søknadsskjema.

Hugs også at du må leggja ved kart over det aktuelle området, ein situasjonsplan, teikning av ønska olje-/bensinutskiljar, prøvetakingskum og dimensjoneringsgrunnlag for val av storleik og type.


Sist oppdatert: 22.07.2022
Publisert: 10.10.2018