Lesa av vassmålaren din

Kva er vassmålar?

Vassmålar er eit målarapparat som måler vassbruket som er knytt til ein grunneigedom/bustad/bygg. Vassmålaren blir montert på vassleidninga og måler alt forbruket av vatn som er tilknytt denne stikkleidninga. 

I Samnanger kommune er det vanleg å berekne faktureringsgrunnalget for vassbruk etter eit antatt forbruk tilknytt storleiken på bygget. Med vassmålar vil ein betala ein fastdel og ein forbruksdel for faktisk vassforbruk. Meir informasjon om dette finn du på side 6 i kommunen sitt betalingsregulativ.

Gebyrliste 2024 – Kommunale gebyr og avgifter

Gebyrliste 2023 – Kommunale gebyr og avgifter

Betalingsregulativ 2022 – Diverse kommunale avgifter og gebyr

Kven må ha vassmålar?

I Samnanger kommune skal alle næringsabonnentar og offenlege bygg ha vass- og avløpsmålar, jf. kommunen sitt betalingsregulativ. 

  • Du må sjølv dekka kostnadar til installasjon og kjøp av vassmålaren. 
  • Vassmålar skal monterast av fagkyndig røyrleggar. 
  • Vassmålarane skal svare til dei tekniske krava som er fastsette i VA-normen for Samnanger kommune. (Link)
  • Registrering av vassmålar skjer saman med søknad om sanitærabonnement. 

For dei som har vassmålar 

Ansvarsforhold mellom kommunen og bruker på vassmålar blir beskrive i dokumentet Standard abonnementsvilkår:

Standard abonnementsvilkår for vatn og avløp i Samnanger kommune

Om ikkje noko anna er avtalt har brukar fullt ansvar over eigen stikkleidning, herunder også vassmålar. 

Med innhenting av målartall, har Samnanger kommune eit ansvar her for å starte prosessen. Det er ikkje behov å sende inn målertall før Samnager kommune ber om å få tala. I dag ber Samnager kommune om avleising ein gong i året, på slutten av året, og vassavgifta blir med på rekninga som kjem i januar. 

Samanger kommune har tidligare sendt ut brev per post med informasjon om tidligare målartall og korleis en skal rapportere dei nye målartala.

  • For einebustadar blir brevet sendt til addressa vassmålar er registrert på.
  • For fritidsbustadar blir brevet sendt til addressa eigarrpresentant er registrert på.
  • For næring og offentlege bygg blir brevet sendt til addressa vassmåler er registrert på. 

Samnanger kommune tek atterhald om feil i prosessen der nye system blir introdusert. Kommunen jobbar med nye kommuniksajonssystem for innhenting av målartal for å optimalisere denne prosessen. 

Kven kan ha vassmålar?

Alle kan ha vassmålar om dei ynskjer. Vassmålar kan brukast på alle bygg som har ei tilknytting til det offentlegge vassnettet. 

Installasjon av vassmålar

Det er to tilfelle med instalasjon av vassmålar;

  • Eit tilfelle er installasjon av vassmålar saman med søknad om sanitærabonnement og tilkopling det offentlege vassnettet, vanleg installasjon.
  • Eit tilfelle er installasjon av vassmålar på eksisterande privat stikkleidning med melding om endring av sanitærabonnementet, etterinstallasjon. 

Vanleg installasjon

Vanleg instalasjon av vassmålar, er at instalasjonen skjer samtidig som ein byggjer ut ein privat stikkleidning. 

For å byggje ein stikkelidning, må ein søkje om løyve for tiltaket med ein ansvarleg søkjar. For å kople seg på det offentlege vassnettet må ein søkje om sanitærabonnement. Det er den ansvarlege søkjaren som fyller ut sanitærabonnementdokumentet saman med søknad om løyve til gjennomføring av tiltaket. 

Med arbeidet av stikkleidninga, snakkar brukar sjølv med dei som utfører arbeidet at ein vil ha vassmålar. Ansvarleg søkjar vil då fylle dette inn i søknaden om sanitærabonnement med den informasjon som Samnanger kommune treng for registrering av vassmålar. 

Etterinstallasjon

Om du er ein brukar på det offentlege vassnettet og har lyst til å byte til vassmålar, vil det skje ein etterinstallasjon av vassmålar. 

Det føreligg ikkje noko krav om søknad for tiltaket til kommunen for å etterinstallere ein vassmålar. 

Brukar må sjølv sørge for at kommunen får den informasjonen som kommunen treng for å registrere vassmålar, for å kunne gjere endring på sanitærabonnementet. Endring på sanitærabonnement er bare ei endringsmelding. 

Samnanger kommune anbefaler på et sterkaste at ein installasjon av vassmålar blir gjort av ein fagkyndig som kan stå ansvarleg for arbeidet. I dokumentet Standard abonnementsvilkår går det fram at brukar sjølv er ansvarleg for all installasjon på den private stikkleidninga, med mindre anna er avtalt. 

Standard abonnementsvilkår for vatn og avløp i Samnanger kommune

Ein installasjon av ein vassmålar på eksisterande stikkleidning utført av ein ikkje fagkyndig, kan koprimere garantien for kvaliteten på leidninga. Korleis dei som bygde stikkleidninga og eventuelt forsikringsselskap forheld seg til ein lekkasje i etterkant av installasjon av vassmålar uten fagkyndig, er vanskeleg å seie. Uansett så er det eigar av stikkleidninga sitt ansvar om ikkje anna er avtalt.

 


Sist oppdatert: 22.07.2022
Publisert: 10.10.2018