Prisar og berekningar

Kommunale vass- og avløpsavgifter

Kommunestyret vedtek kvart år gebyr-/betalingssatsar for vatn, avløp og tømming av septiktankar/slamavskiljarar. 

Gjeldande betalingsregulativ: 

Gebyrliste 2024 – Kommunale gebyr og avgifter

Gebyrliste 2023 – Kommunale gebyr og avgifter

Betalingsregulativ 2022 – Diverse kommunale avgifter og gebyr

Berekning av vass- og avløpsavgiftene

Kostnadane til det offentlege vass- og avløpsnettet, VA-nettet, skal bli styrt av "sjølvkostprinsippet". Det vil seie at alle abonnentar som er kopla på VA-nettet deler kostnadane med å drifte nettet. Samnanger kommune har ikkje lov til å føre inntekt frå vass- og avløpsavgifta til andre prosjekt eller instansar som er utanfor det offentlege VA-nettet. 

Utbygginga av nye VA-nett blir delvis finansiert gjennom tilkytingsavgift for nye abonnentar og delvis gjennom kommunale vass- og avløpsavgifter. Avgiftene vil kunne forandre seg frå år til år. Vass- og avløpsavgiftene skal alltid bli godkjent gjennom politisk vedtak.

Dei viktigaste faktorane som kan påverke avgiftene, er større reparasjonar på eksisterande VA-leidningar og større utbyggingar av VA-nettet. Større utbyggingar kan mellom anna vere nye vassverk, høgdebasseng, slamavskiljarar og større oppgradringar av eksisterande leidningar på grunn av mangel på kapasitet. 

Kva avgifter må eg betale?

Vassavgift

For at ein skal bli fakturert for vassavgift, må ein vere kopla på det offentlege vassnettet. 

For privatpersonar:

  • Alle einebustadar og fritidsbustadar skal betale ein fastdel i vassavgift. Den er lik for alle einebustadar og er lik for alle fritidsbustadar. 
  • Alle eienbustadar og fritidsbustadar skal betale vassavgift for forbruket. Forbruket blir berekna på to forskjellige måtar: (1) etter eit stipulert forbruk basert på bygget sitt bruksareal eller (2) det målte forbruket med vassmålar.

Informasjon om berekning av stipulert forbruk basert på bygget sitt bruksareal:
Forbruket blir belasta etter storleiken på Bruksarealet til bustaden, BRA. Det er ikkje den totale BRA for eigedommen, men BRA for sjølve bustadsbygget. Det ligg faste avgifter til forskjellige storleik interval i betalingsregulativet til Samnanger kommune. Det er forskjell på einebustadar og fritidsbustadar.

Informasjon om forbruk målt med vassmålar:
Forbruket blir belasta etter avlesinga som kommer frå vassmålaren. Dette forutsettar at det er blitt instalert ein vassmåler på vassleidninga til bustaden. Det er lik sats per kubikkmetar med vass for einebustadar og fritidsbustadar. 

For offentlege bygg og næringsbygg:

  • Alle offentlege bygg og næringsbygg skal ha vassmålar. 
  • Med bruk av vassmålar, vil bygget bli fakturert ein fastsatt fastdel avgift og ein forbruks avgift etter mengde vann som er registrert brukt på vassmålaren.

*Forsamlingshus har ein egen post i betalingsregulativet som skil seg litt frå resten. 

Avløpsavgift og slamavgift

For at ein skal bli fakturert avløpsavgift, må ein vere kopla på det offentlege avløpsnettet.

Her er det viktig å ikkje blanda saman avløpsavgift og slamavgift.  

Alle bygg skal ha ei anleggsløysing som har avløpshandtering og slamhandtering. 

For privatpersonar:

Er du kopla på det offentlege avløpsnettet, skal du betale 3 avgifter: fastdel, forbruksdel og slamavskiljar. 

  • Fastdel er ei fastsatt avgift som alle einebustadar og fritidsbustadar skal betale (Avløpsavgift).
  • Forbruksdelen varierer etter om det er einebustad eller fritidsbustad, storleiken på bustaden som er målt i Bruksareal, BRA på bygget, og om det vert nytta vassmålar eller ikkje (Avløpsavgift).
  • Det offentlege avløpsnettet har ein slamavskiljar som det òg skal betalast ei avgift for (Slamavgift).
  • Nokon har ei løysing der dei har slamavskiljar i ein septiktank på eigen grunneigedom og slepp spillvatnet inn på offentleg avløpsleidning. Dei betaler ei avgift for tømming av septiktanken (Slamavgift).

Er ein ikkje kopla på det offentlege avløpsnettet og har ei eigen septiktank på eigen grunneigedom, skal ein berre betale tømming av septiktanken (Slamavgift).

Noko fritidsbustader som har fått utsleppsløye eller har ordna eigen tømmeavtale for septiktank, skal ikkje betale nokon avgifter for avløp eller slam til Samnanger kommune. 

For offentlege bygg og næringsbygg:

Alle offentlege bygg og næringsbygg skal betale 3 avgifter: fastdel, forbruksdel og slamavskiljar. 

Forbruksdelen er berekna etter forbruket som blir målt på den installerte vassmålaren. 

Hyttefelt i Eikedalen

Det offentlege VA-nettet her er i eit samarbeid med Kvam herad. Dei same avgiftstypane som er nemnde ovanfor skal betalast, men det er andre avgiftssatsar.  


Sist oppdatert: 22.07.2022
Publisert: 11.10.2018