SMS-varsling

Skjer det noko i nabolaget ditt eller i området der du driv næring, ønskjer me å nå deg på ein rask og enkel måte. For å gjera dette brukar kommunen eit verktøy som sender ei tekstmelding til mobilen din eller les opp ei melding på fasttelefonen din.

Me varslar til dømes når me må:

  • Stenga vatnet ditt
  • Varsla eit kokepåbod for drikkevatn
  • Sperra ein veg i nabolaget ditt

Me brukar også varslingstenesta i andre situasjoner der dette er føremålstenleg, for eksempel i samband med krise-/beredskapsituasjonar eller varsel om uvèr.

Korleis finn me deg?

Det vert nytta fire ulike register for å nå ut med informasjon til deg. 

1. Privatpersonar
Kontaktinformasjon blir henta frå Kontakt- og reservasjonsregisteret til Digitaliseringsdirektoratet. Me anbefaler deg å leggja inn mobiltelefonnummer ditt og e-postadressa di i dette felles nasjonale kontaktregisteret. Dei fleste henvendingar frå det offentlege vil henta kontaktinformasjonen herfrå, for eksempel vedrørane skattemeldinga. Oppdateringa av opplysningane din kan du gjera her: https://www.norge.no/oppdater-kontaktinformasjon


2. Bedrifter:
Ved varsling av bedrifter blir bedrifta som tilhøyrer adressa varsla med bakgrunn i oppføring i Enhetsregisteret. Kontaktdata for bedrifter blir henta frå Digitaliseringsdirektoratet / (Altinn). Bedrifter med fleire adresser bør registrera desse som undereinheit hos Brønnøysundregistrene: https://www.brreg.no/bedrift/virksomhet/ 


3. Tilleggsregister:
Tilleggsregister kan du nytta dersom du ønskjer å motta varsel for ei bedrift eller ei adresse som du ikkje er registrert med bustadadresse på. 
Sjå https://varslemeg.no/


4. Fritidseigedommar:
Me kan varsla fritidseigedommar med matrikkelkodane 16 og 17

  • 161 - Fritidsbygning (hytter, sommerhus o.l.)
  • 162 - Helårsbolig benyttet som fritidsbolig
  • 163 - Våningshus benyttet som fritidsbolig
  • 171 - Seterhus, sel, rorbu o.l.
  • 172 - Skogs- og utmarkskoie, gamme

Det er eigarane av desse eigedommane som blir varsla. Der eigedommen er festa er det festar som vert varsla. Kontaktdata finner me slik det er beskrive under privatpersonar/bedrifter ovanfor.

Kvifor varslar me på denne måten?

Kommunen har tatt i bruk sms-varslingssystemet for å gi best mogleg service. Ein annonse i avisa eller ei melding på heimesida eller facebook når ikkje alltid alle. Dessutan kan det skje akutte hendingar, som gjer at me ikkje rekk å informere på vanleg måte.

I tillegg til sms-varsling, vil me ved behov også bruke heimesida og facebooksida til kommunen.

Har du ikkje vorte varsla? 

Sjekk følgjande: 

1. Er du folkeregistrert på adressa di?
https://www.skatteetaten.no/person/folkeregister


2. Har du oppdatert din elektroniske kontaktinformasjon?
https://www.norge.no/oppdater-kontaktinformasjon


Kva kan du gjera?
Oppdater opplysningane dine og meld alltid flytting til Folkeregisteret.

Dersom du bur ein annan stad enn der du er folkeregistrert, kan du registrera telefonnummeret ditt på adressa di i kommunen sitt Tilleggsregister. Husk å endra dersom du flyttar. Tilleggsregisteret er konfidensielt og blir berre nytta av kommunen din.

Registrer telefonnummeret i kommunen sitt tilleggsregister her:
https://www.varslemeg.no

Velg Tilleggsoppføring – Legg til telefonnummeret ditt (velg Privat).

Sårbare verksemder
Kommunen sitt tilleggsregister knyter kontaktpersoner til verksemder med telefonnummer. Kontaktpersonen for verksemda vil motta varsel på SMS dersom SMS vert sendt fra kommunen.

Sårbare verksemder er bedrifter som er avhengig av vatn for å driva verksemda si, for eksempel:

  • Sjukeheim
  • Lege og tannlege
  • Barnehagar og skular
  • Serveringsstader/kafèar

Registrer verksemda di i kommunen sitt Tilleggsregister: https://www.varslemeg.no/

Velg Tilleggsoppføring – Legg til ditt telefonnummer (velg Bedrift).


Sist oppdatert: 22.07.2022
Publisert: 11.10.2018