Vassforsyning

Vassverka våre

Hovudmålet med vassforsyninga i Samnanger kommune, er å sikre at innbyggjarane får nok reint vatn, og at me har nok vatn til å sløkkje eventuelle brannar.

Det er to kommunale vassverk i Samnanger: Myra (Fitjavatnet) og Rolvsvåg. 

Det er ikkje lov å forureine vasskjeldene (og tilsigsområda) som vert nytta til drikkevatn. For Samnager kommune gjeld dette Fitjavatnet og området rundt. Det er difor viktig at publikum følgjer retningslinene til kommunen. Les og følg det som står på informasjonstavlene ved vatna!

Kokevarsel

Oppstår det uønska hendingar, som fører til ureining av drikkevatnet ditt, vil Samnanger kommune senda kokevarsel på tekstmelding til mobilen din eller lesa inn ei talemelding til fasttelefonen din. Trykk her for å lesa meir om sms-varsling.  

Me sender berre kokevarsel når me ikkje er heilt trygge på vasskvaliteten, og ønskjer å verna deg og dei andre abonnentane mot ein eventuell smittefare.

Grunnar til at vatnet kan vere hygienisk utrygt i ein periode, kan til dømes vera brot på ei vassleidning eller svikt i vasshandsaminga ved vassverket.

Lurar du på korleis du skal handtera eit kokevarsel?

Trykk her for å lasta ned gode råd frå Folkehelseinstituttet og Mattilsynet.

Me må ha to «gode» prøvar på rad, før me kan oppheva eit kokepåbod.

Vaskemaskin og oppvaskmaskin

Kjem det eit gråkvitt belegg på glasa du vaskar i oppvaskmaskina di? Syns du det skummar lite i vaskemaskina? Då kan det henda du har det fagfolka kallar for «hardt vatn».

Les manualen til vaskemaskina eller oppvaskmaskina di, for å sjå kva tiltak du eventuelt skal gjera. Normalt er rådet å tilsetja salt. 

Ønskjer du å lese meir om hardt vatn og drikkevatn – trykk her.

Vasskvalitet

Drikkevatnet vert handsama for å oppfylle krava i Drikkevassforskrifta frå 2017. Det er ulik behandling av vatnet ved dei ulike vassverka, og dette vert bestemt ut frå kvaliteten på råvatnet (vasskjelda) og kva som er godkjend av Mattilsynet.

Myra vassverk har ei overflatevasskjelde. Myra vassverk hentar vatn frå Fitjavatnet. Rolsvåg vassverk hentar vatn frå grunnen. 

Kvaliteten ved dei ulike vassverka er normalt god. Vasskvaliteten vert nøye overvaka, både med eigne driftsprøver og vassprøver, som vert analysert av eit eksternt laboratorium. Kor ofte prøvane vert tekne og kva analysar som vert utført, vert regulert av Drikkevassforskrifta og er godkjent av Mattilsynet.

Får du vatn frå ein brønn, og lurer på om vatnet er reint og trygt?

Folkehelseinstituttet har laga ein brosjyre om "Drikkevatn i spreidd busetnad og på hytta". Trykk her for å laste ned brosjyren.


Sist oppdatert: 22.07.2022
Publisert: 10.10.2018