HeimVeg, vatn, avløp og bossVegAvkøyrsel frå kommunal veg

Avkøyrsel frå kommunal veg

Kva er søknadspliktig?

Skal du byggja, flytta eller endra ei avkøyrsel frå kommunal veg, må du søkja kommunen om løyve.

Dersom du skal auke bruken av ei avkøyrsel, til dømes ved å byggja fleire bueiningar, må du òg søkja. Ved endring eller auka bruk, gjeld dei same krava som for ny avkøyrsel.

Merk at dersom avkøyrselen er ein del av ei byggesak, vert den handsama i byggjesaka.

For fylkesveg, der avkøyrsel ikkje er vist i plankart eller med pil, vert søknaden handsama av Vestland fylkeskommune. For riks-/europaveg, der avkøyrsel ikkje er vist i plankart eller med pil, blir søknaden behandla av Statens Vegvesen.

Før du søkjer

Trafikktryggleiken til alle brukarane av ein kommunal veg må vera tatt vare på. Du må utføra alle tilpassingar til kommunal veg og fortau på eigen grunn. Tilpassinga må ikkje gå utover teknisk standard og funksjon på vegen.

Me gir løyve til avkøyrsel på vilkår om at denne vert opparbeidd i samsvar med tekniske krav som er fastsett av Vegdirektoratet. Me stiller mellom anna krav til utforming av avkøyringa, sikt, svingradius, drenering og at du skal kunne snu på eigen grunn.

I område utan reguleringsplan eller der avkøyringa ikkje visar i reguleringsplanen vert søknaden din handsama etter føresegnene i Veglova (§§ 40-43 og § 13) med aktuelle forskrifter. 

Oversikt over planar finn du på www.kommunekart.com

Lovverk og utforming:

Slik søkjer du

For å søkja om ny, eller utvida bruk av avkøyrsle, skal du bruka elektronisk skjema. Dette skjemaet finn du på vegvesen.no. I denne løysinga vil søknaden gå automatisk til rett instans, kommune for tiltak ved kommunal veg, fylket for fylkesveg og vegvesenet for riks-/europaveg.

Trykk her for å gå til vegvesen.no

Trykk her for å gå til «Din side» på vegvesen.no.

Følg flytskjemaet og fyll in data. Under «begrunnelse», skal du skildra tiltaket og lasta opp:

  • Situasjonskart i målestokk 1:500. Teikninga må visa nærliggande bygg og avkøyrsel med breidde, svingradius, siktsone (frisikttrekant), parkering og snuareal.
  • Lengdeprofil av avkøyrsel i målestokk 1:500/1:100. Denne må visa fall og stigning inn mot kommunal veg.
  • Eventuell privat avtale mellom deg og grunneigar om etablering av siktsone på annan manns grunn. Ein slik avtale bør vera tinglyst.

Om du ikkje kan nytta det elektroniske søknadsskjemaet, ta kontakt med kommunen.

Servicesenteret: 

Handsamingstid

Me handsamar alle komplette søknadar etter kvart som dei kjem inn til oss.

Klage på vedtak

Dersom søknaden vert avslått, kan du klaga på vedtaket. Fristen for å klaga er tre veker frå du mottok vedtaket. Klagen skal sendast til kommunen, og må vera grunngjeven. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing.

Servicesenteret: 

Dersom søknaden er handsama etter plan- og bygningslova, kan du klaga til Statsforvaltaren. Klagen skal sendast til den instansen som har gjort vedtaket. Dersom saka er handsama etter veglova, er det kommunen sitt eige klageorgan som er klageinstans. Før klageinstansen handsamar saka, skal den instansen som gjorde vedtaket, vurdera om det er grunn til å endra det. Dersom vedtaket vert ståande, går saka vidare til klageinstansen.


Sist oppdatert: 22.07.2022
Publisert: 10.10.2018