HeimVeg, vatn, avløp og bossVegBrøyting og strøing

Brøyting og strøing

Samnanger kommune har ansvar for brøyting og strøing av kommunale vegar medan Vestland fylkeskommune har ansvar for brøyting og strøing av fylkesvegar i Samnanger.

Slik kan du melde frå

Servicesenteret: 

Vakttelefon VVA (veg, vatn og avløp) utanom arbeidstid: 

 

Slik jobbar me

Dei fleste kommunale vegane brøytar kommunen sjølv med eige mannskap og utstyr, men nokre stader vert det leigd inn eksterne kontraktørar. 

Om vinteren må du som går og køyrer rekna med dårlegare veg- og føretilhøve enn elles i året. Målet for det kommunale vegnettet er at vegane i størst mogleg grad skal vera framkommelege for:

  • gåande som er skodde for vinterføre
  • normalt vinterutstyrte personbilar

Det er du som førar/eigar av bilen som har ansvar for at bilen er forsvarleg skodd for vinterføre der du ferdast!

Standard for vintervedlikehald/vegbrøyting

Samnanger kommune har vedteke ein standard for vintervedlikehald/vegbrøyting av kommunale vegar (vedtak gjort av naturutvalet 16.06.2011):

Standard for vintervedlikehald/vegbrøyting av kommunale vegar i Samnanger

Målet med vinterdriftstiltak er å framskaffa tilfredsstillande veggrep og framkomelegheit både for kjøretrafikk og dei mjuke trafikantane. Bussvegar og gangvegar vil derfor prioriterast.

Brøyting

I kommunen sin standard for vintervedlikehald er følgjande kriteria lagt til grunn ved oppstart brøyting:

  • Brøyting av kommunale vegar ved snødjupn 8-10 cm.

Ved snøfall om natta skal vegar med høg prioritet vera gjennombrøyta til kl.07.00 på kvardagar og til kl. 08.00 på helgedagar.
Ved store snøfall vil brøyting ta lenger tid, og me vil oppleva at det oppstår problem med brøyting, rydding av fortau, kryssrydding og redusert standard på snuplassar.
Dei viktigaste vegane vert brøyta etter behov og standard heile døgnet, medan brøyting på resten av vegnettet vert utført på dagtid og når snømengda er over 10 cm. Brøyting kan også startast på lågare snødjupn, når dette er fornuftig totaløkonomisk (for eksempel før veromslag, våt snø osv.).

I tida mellom kl 21.00 og 06.00 må trafikantane akseptera vanskelegare kjøreforhold enn om dagen.
Når det ryddast vekk snø frå privat tomt, vil det vera forbod mot å leggja snøen i vegbana.

Strøing

Kommunen brukar sand og salt til strøing. Arbeidet vert utført etter oppsette strøruter og i spesielt bratte og vanskelege bakkar samt i svingar og framfor veggkryss.
Strøing av offentlege plassar, fortau og gang- og sykkelvegar vert prioritert og vert utført jamleg når forholda tilseier det. Servicestrøing av kommunale vegar vert berre gjort når friksjonsforholda er ekstremt dårlege (is). Teknisk eining utplasserer strøkassar på dei mest strategiske plassane i kommunen.

Tronge gater/parkering

En del gater og vegar er tronge, og kantparkering kan gjera desse uframkomelege vinterstid. For at framkomelegheit skal oppretthaldast for større kjøretøy, er det nødvendig å ha ei fri breidde på 3 m. Er breidda mindre kan det ikkje parkerast i vegkanten, alternativt må det måkast plass til bilen.
Brøytemannskap har ordre om ikkje å "pressa seg fram'" i vegar der det kan oppstå fare for skader på parkerte kjøretøy. I slike tilfelle vil vegane naturlegvis få ein dårlig standard og fremkomelegheitafor trafikantene vil verta redusert.

Samnanger kommune oppmodar publikum om å bidra med både eigen snørydding og parkering på ein slik måte at brøytemannskapet kan få utføra jobben sin slik at vegnettet også i vinterhalvåret har ei akseptabel vegbreidde og standard.

Ver spesielt merksam på

  • Det er viktig å tenkja på at brannbilar, sjukebilar og renovasjonsbilar skal kunna koma fram utan problem. Du som grunn- og bileigar må ta omsyn og rydde sideareala i vegen for bilar og anna utstyr for at brøytemannskapa skal kunne gjera jobben sin.
  • Bosspann må takast inn snarast mogleg etter tømming slik at dei ikkje er til hinder for brøyting og strøing.
  • Det er ditt ansvar å rydda vekk snø som blir liggande att i avkøyringa di når vegen er gjennombrøyta.
  • Brøyting tar lengre tid i sterkt og vedvarande snøvêr.
  • Samnanger er ein kommune med store varierande vêr- og føretilhøve. Vegane ligg spreidde over eit stort geografisk område, med varierande utfordringar knytte til vinterdrifta. Samstundes som det er full vinter ein stad, kan det vera fleire plussgrader ein annan.
  • Me brukar lite salt og i hovudsak strøsand på det kommunale vegnettet, men fylkesvegane vert salta. Ver merksam på at salt ikkje smeltar isen når det er kaldt vêr (kaldare enn minus 5 grader).
  • I sterk vind kan strøsanden blåsa av vegen.
  • Brøytemannskapa baserer arbeidet sitt på vêrprognosar. Når desse prognosane slår feil ut, kan det ta lenger tid før arbeidet kjem i gang.

Viktig melding til alle

Det er vinter i Noreg! Det fører til at vegane kan vera glatte, og du må alltid køyra etter forholda!

Trykk her for å lesa meir om dekk og kjettingar på sidene til Statens vegvesen.


Sist oppdatert: 13.02.2021
Publisert: 10.10.2018