HeimVeg, vatn, avløp og bossVegByggegrense til offentleg veg

Byggegrense til offentleg veg

Når du bygger, skal minsteavstanden til midten av ein kommunal veg i Samnanger vera minst 7 meter. Minsteavstanden til midten av ein riksveg og fylkesveg skal vere 50 meter.

Denne artikkelen handlar primært om den kommunale byggjegrensa som i hovudsak gjeld bygg, men også hekkar, buskar, gjerde og anna som hindrar sikt.

Trykk her for å lesa informasjon på Statens vegvesen sine nettsider.  


Kva kan du søkja om?

I kommunen handsamar me søknadar om:

  • dispensasjon frå byggjegrensa mot kommunal veg
  • dispensasjon frå byggjegrenser fastsett i kommuneplanen sin arealdel eller i reguleringsplan (kun mindre vesentlige endringer)
  • løyve til graving gjennom kommunal veg eller langs vegen
  • løyve til å strekkja leidning over eller langs veg

Me kan gi pålegg om å fjerne vegetasjon på privat eigedom langs kommunal veg.

Kven skal handsama søknaden din?

Ønskjer du å bygge noko innanfor byggegrensa, må du søke om dispensasjon frå byggegrense mot veg.

Kva du søkjer om, avgjer kven du skal søkje til: 

  • Om det gjeld innanfor byggegrense til fylkesveg, skal søknad sendast til Statens vegvesen
  • Om det gjeld innanfor byggegrense til kommunal veg, skal søknad sendast til kommunen. 
  • Om det gjeld dispensasjon vedrørande VA-leidningar, skal søknad sendast til kommunen. 
  • Søknad om utvida bruk av eksisterande avkøyrsel mot fylkesveg skal sendast til Statens vegvesen
  • Søknad om utvida bruk av avkøyrsel mot kommunal veg skal sendast til kommunen. 

Trykk her for å lese meir om avkøyrsel frå kommunal veg.

Slik søkjer du

  1. Trykk her for å laste ned og fylle ut søknadsskjema for dispensasjon mot byggjegrense
  2. Legg ved eit brev der du skildrar tiltaket, altså det du skal bygge eller endre.
  3. Legg ved eit situasjonskart i målestokk 1:500, der du teiknar inn og visar avstanden mellom vegen og det du skal bygge eller endre. Dersom tiltaket kjem i konflikt med kravet til avstand frå offentleg leidningsnett, må du bruke eit kart som visar vass- og avløpsnettet til Samnanger kommune.

Søknaden sender du på til kommunen på ein av følgjande måtar: 

  • Postadresse: Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse
  • E-postadresse: post@samnanger.kommune.no
  • eDialog: sikker løysing for digital sending av dokument til kommunen

Treng du hjelp eller rettleiing i byggesaksspørsmål?

Ta kontakt med kommunen sin byggesakshandsamar dersom du treng rettleiing:

 

Slik klagar du

Trykk her for å lesa korleis du kan klage på eit vedtak.


Sist oppdatert: 22.07.2022
Publisert: 10.10.2018