HeimVeg, vatn, avløp og bossVegGraving i eller langs veg

Graving i eller langs veg

Det må søkjast om godkjenning for graving i kommunal veg, eller nærare veg enn tre meter. Ansvarleg søkar skal ha naudsynt kunnskap og kjennskap til staden det skal gravast på.

Søknad om graveløyve skal alltid underskrivast av eigar av det aktuelle anlegg (byggherre). 

Med si underskrift skal eigaren (byggherren):

  • ta på seg ansvaret for det ferdige anlegg og for hendingar og skader som anlegget måtte medføra på vegen og tredjemann.
  • vere garantist for at entreprenøren sine plikter etter reglane blir oppfylt. 


Lovverk

Slik søkjer du

Ta kontakt med kommunen for informasjon om korleis du søkjer om løyve til graving i eller langs offentleg veg. 

Ved graving og anna arbeid langs vegen, skal det òg lagast arbeidsvarsling og skiltplan som må godkjennast av kommunen. Ta kontakt ved behov for informasjon om dette. 

Servicesenteret: 


Sist oppdatert: 16.02.2021
Publisert: 20.10.2020