HeimVeg, vatn, avløp og bossVegSøkja bygging av landbruksveg

Søkja bygging av landbruksveg

Du må ha godkjenning av kommunen for å byggja ny eller byggja om landbruksveg. Når du byggjer må du tenkja på at vegen skal fremja rasjonell landbruksdrift og ta vare på heilskaplege løysingar uavhengig av eigedomsgrenser.

Me vurderer kva konsekvensar vegen får for natur, kulturminne og friluftsliv. Skal du opparbeida oppstillingsplass eller ein enkel driftsveg som berre fører til små inngrep i terrenget, treng du ikkje godkjenning.

Slik søkjer du

Informasjon om bygging av landbruksveg og søknadsskjema finn du på Landbruksdirektoratet sine sider.

  1. Send ein skriftleg søknad til kommunen.
  2. På førehand må du underretta dei som veganlegget får følgjer for, til dømes naboar og rettshavarar. Opplys i søknaden om at dette er gjort.
  3. Gjer greie for dei driftsmessige og økonomiske fordelane du vil oppnå med tiltaket.
  4. Gjer greie for eventuelle alternative vegtrasear.

Vedlegg til søknaden:

Kartdel som viser: 

  • planlagd veg og dekningsområde jamført med eksisterande vegar
  • planlagde massetak i samband med vegbygginga
  • lokaliseringa av alle kjende miljøverdiar i området
  • eksisterande bygningar

Søknaden sender du til kommunen på ein av følgjande måtar: 

  • Postadresse: Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse
  • E-postadresse: post@samnanger.kommune.no
  • eDialog: sikker løysing for digital sending av dokument til kommunen

Treng du hjelp eller meir informasjon?

Dersom du treng hjelp eller meir informasjon, ta kontakt med Bjørnafjorden landbrukskontor

Kven kan søkja?

  • Landbruksføretak

Krav til søkjar

  • Skal du byggja ein landbruksveg som er meir enn fem kilometer lang, må du ha ei godkjend konsekvensutgreiing før vi kan gjere vedtak.
  • Avkøyrsel frå offentleg veg og velteplassar som blir lagde inn til offentleg veg, skal på førehand vere godkjende av vegmyndigheitene.

I samband med sjølve godkjenninga kan kommunan mellom anna setje vilkår for

  • linjeføring, teknisk utforming og miljømessig tilpassing av vegen
  • skogsdrift (for vegar til skogbruksformål) dersom det er nødvendig for å ta vare på dokumenterte miljøverdiar

Kommunen kan òg setja vilkår som avgrensar motorisert ferdsel på vegen, til dømes at vegen må stengjast med bom.

Kva skjer vidare?

  • Statsforvaltaren skal få høve til å uttale seg før kommunen gjer vedtak. Det gjeld òg kulturminneforvaltninga i fylkeskommunen.
  • Kommunen gjer vedtak om godkjenninga, set eventuelle vilkår eller nektar at heile eller delar av veganlegget blir bygd.
  • Det vert sett ein frist for når tiltaket skal vera gjennomført. Dersom fristen ikkje blir halden, fell godkjenninga bort.
  • Kommunen skal henta inn dei opplysningane som er nødvendige for å avgjera saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom me trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få den ved å kontakta kommunen før klagefristen for vedtaket går ut.

Klage på vedtak

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klaga til kommunen innan ein frist på tre veker frå du fekk det. Forklar kva du er misnøgd med, og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du ta kontakt med kommunen. Dersom kommunen let vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal verta teken til følgje.

Kva seier lova?

Dersom hovudformålet med vegen er landbruk, det vil seia at meir enn 50 prosent av nytteverdien av vegen er landbruksrelatert verksemd, skal søknaden handsamast etter forskrift om planlegging og godkjenning av vegar for landbruksføremål. Når hovudføremålet med vegen ikkje er landbruksrelatert verksemd, vert søknaden handsama etter plan- og bygningslova.

 


Sist oppdatert: 03.04.2023
Publisert: 02.08.2018