Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Kommunal organisasjon > Nyhende/kunngjeringar

Bry deg før det brenn - Informasjonskampanje

Eldre har 4-5 gonger høgare risiko for å omkoma i brann enn andre innbyggjarar. Enkle tiltak kan redusera risikoen for brann vesentleg. 

Eldre har 4-5 gonger høgare risiko for å omkoma i brann enn andre innbyggjarar. Brannvesenet køyrer saman med fleire andre aktørar ei informasjonskampanje for å gjera pårørande merksame på enkle tiltak til brannvern for deira nære eldre.

Illustrasjonsbilete  -  Bry deg før det brenn - Klikk for stort bilete

«Bry deg før det brenn» er bodskapen vår og namnet på kampanjen. Me som driv med brannførebygging er heilt avhengig av at pårørande hjelper til med brannvern hos heimebuande eldre, seier Trine S. Sommerlade, informasjonsleiar i Bergen brannvesen.

Mange eldre har større utfordringar enn andre når det gjeldt både å oppfatta brann, agera mot brann og koma seg ut i sikkerheit.

-Derfor er det så viktig at alle som har eldre foreldre og besteforeldre, er litt årvakne når ein er på besøk med tanke på dei typiske brannfellene i heimen. Sjekk bruken av komfyren, levande lys, fyring, el-apparat og el-anlegg. Test røykvarslaren jamleg, og bytt batteri om det er naudsynt. Syt for at det blir montert komfyrvakt. Legg til rette for rask og trygg røming i tilfelle brann. Dette er ikkje vanskeleg, og treng ikkje ta lang tid, seier Sommerlade.

Kampanjen rettar seg denne gongen særleg mot barnefamiliar, og har Brannbamsen Bjørnis som frontfigur. Ønskje er at det å sjekke branntryggleiken hos bestemor og bestefar blir ein familieaktivitet.

-Borna er blant våre beste brannvernambassadørar. Det er ikkje lett å seia nei til born som ber foreldra om å sjekke røykvarslaren hos bestemor og bestefar, seier Sommerlade.

Informasjonskampanjen er eit samarbeid mellom brannvesenet, Brannvernforeningen, Bjørnisprosjektet og KLP.

 

 

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 09.06.2017
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering