Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Kommunal organisasjon > Nyhende/kunngjeringar

Folk til fjells

Sidan 1998 har Samnanger IL plassert ut bøker på ulike turmål kringom i bygda, og har etter kvart vore innom bortimot 40 ulike turmål i kommunen. Frå 2014 har nystifta Samnanger Turlag tatt over ordninga og vidarefører denne lange tradisjonen med Folk til fjells i kommunen. I desse dagar vert postkassane med bøker sett ut igjen, og me reknar med og få ut alle innan utgongen av mai. Me håpar desse bøkene kan vera ein inspirasjon til å ta seg ein tur ut i naturen, og gjerne til nye stader. Om du skriv deg inn i bøkene er du med i trekning av premiar etter sesongen.

 

Dei tre faste turane til Nordvikasætra, Raudvatnet og Smådalen er sjølvsagt med i år også.

I tillegg har me plukka fram att fylgjande turar:

 

Mosatjørn

Parkering i sørenden av Langavatnet ved Gullbotn. Følg stien sørover langs myrdraget. Etter ca 300 m går stien opp ei lita kneik. Hald mot høgre i stiskillet etter kneika og du kjem straks til Mosatjørn. Følg stien langs nordsida av vatnet og vidare litt sørover langs vestsida. Kassen er plassert på høgaste punktet om lag midt på vestsida av vatnet. Ta gjerne turen vidare rundt vatnet. Ca 2 km tur/retur kassen.

 

Botnahytta

Parkering ved skulehuset i Rolvsvåg. Følg vegen mot Os ca 200 meter til grusveg på høgre sida. Følg grusvegen som etterkvart går over til skogsveg. Ca 800 meter etter den bratte stigninga kryssar vegen ein bekk. Ta av frå grusvegen på sti sørover rett etter (i) bekken. Når stien passerer bekken som renn inn i Langavatnet går det sti opp lia til Botnavatnet. Botnahytta ligg på eit nes i vatnet, og kassen står ved hytteveggen. Ca 7 km tur/retur. (Merka tur)

 

Hedlo

Parkering ved kyrkja på Ådland. Følg Prestavegen forbi Kvernesvatnet og ta av til Hedlo. Kassen står ved kvilebenken på knausen framfor Hellenaustet. Ca 6 km tur/retur. (Merka tur)

 

Stutabotn

Parkering ovanfor Fossen Bratte i Eikedalen. Gå over elva (bru) og følg sti forbi nokre hytter og vidare sørover. Stien går langs austsida av Raunebotsdalen heilt inn til Stutabotn inst i dalen. Stien er god første halvdelen, men kan vera litt utydeleg over skarva innover dalen, men med juvet til høgre og bratte fjell til venstre, er det ikkje mogleg å gå mykje feil. Vel inne i sjølve botn kjem du for første gong ned til elva. Der elva deler seg fleire gongar ligg det ein 6-8m høg skrent tett ved elva. Det går ein sti (sauetrakk) inn under hilderen. Der står kassen. Ca 7 km tur/retur.
 

Følg gjerne med på heimesida til turlaget http://www.facebook.com/samnangerturlag. Eventuell oppdatert eller meir utfyllande informasjon vert lagt ut der i så fall og der finn ein og informasjon om fellesturar me tilbyr til ulike turmål. Er det spørsmål eller kommentarar til Folk til fjells, ta kontakt med Vibeke Raae, tlf 41 65 42 65.

 

Kassane vert ståande ute til og med 19. oktober.

 

GOD TUR!!!

 

Samnanger Turlag 

Publisert av Arnved Soldal Lund. Sist endra 22.08.2014
  • Utskriftsvenleg versjon
Turområde (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering