Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Kommunal organisasjon > Nyhende/kunngjeringar

Regionalt næringsfond - utlysing av midlar 2011

Hordaland fylkeskommune har tildelt Bjørnefjorden Næringsutvikling (BNU) midlar til regionalt næringsfond for 2011. Det er no høve for kommunane i regionen, regionale/interkommunale organ, bedrifter, lag og organisasjonar å søkja om tilskot.
Intensjonen med midlane er å få til regional utvikling, slik at tiltak som har verknad utover ein kommune vert prioriterte. Midlane kan ikkje nyttast til ordinær drift. Styret i BNU vil prioritera infrastrukturprosjekt herunder tilrettelegging av næringsareal. Det vert elles vist til Regionalt utviklingsprogram for Hordaland, prioriterte næringar og til tildelingsbrev frå fylkeskommunen.

Det er utarbeidd eige søknadsskjema. Skjema (PDF, 106 kB) og utfyllande informasjon finns på Samnanger kommune sine nettsider. Ta gjerne kontakt med næringsansvarleg i kommunen din eller rådmannen i Samnanger kommune dersom det er spørsmål.

Søknad skal sendast til Samnanger kommune: post@samnanger.kommune.no 


Søknadsfrist 12.12.2011.
Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 09.12.2011
  • Utskriftsvenleg versjon
Tenestetilbod Samnanger (2)
Kjerneside (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering