Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksSnarvegar > Kommunal organisasjon > Nyhende/kunngjeringar

Slik får du ei branntrygg påske

Tips frå brannvesenet for å unngå brann i samband med påska.  


Ver merksam og pass på når påskekosen involverar bruk av eld – enten det er stearinlys, bruk av gass, grill eller fyring på peisen.

Krav til røykvarslar på hytta
Det er no same krav til branntryggleik i hytter som i vanlege bustader, det betyr at hytta skal ha både røykvarslar og sløkkjeutstyr. Det skal vere brannalarmanlegg eller røykvarslar i alle bustader, hytter og fritidseigedomar, og det skal vere minst ein røykvarslar i kvar etasje. Hugs og ta med deg nye batteri til røykvarslaren når du reiser på hytta. Sjekk at røykvarslaren fungerer når du kjem fram og at du kan høyre den på alle soverom og opphaldsrom, også når dørene er stengde. Kontroller at sløkkjemiddel som brannslange eller brannsløkkjeapparat er lett tilgjengelege. Er du på ei hytte med mykje snø må du hugse å grave fram alternative rømmingsvegar.  

Hugs også røykvarslar til båten og campingvogna. Det finns for eksempel reiserøykvarslarar på marknaden.

Ver varsam med gass  
Lekkasje i propanutstyr og slangar kan føre til brann- og eksplosjonsfare. Sjekk difor jamnleg propanutstyr, slangar og koplingar. Ein god metode er å bruke såpevatn for å søkje etter lekkasjar. Koble gjerne frå slangen til gassbehaldaren om natta og når du forlèt hytta. Om du kjenner gasslukt må du ikkje tenne eller slå på noko som kan utløyse gnistar, som for eksempel ein lysbrytar. Luft først godt ut og finn deretter eventuelle lekkasjar.

Levande lys, komfyr og eldstad  
Forlat aldri eit rom med levande lys og pass på at du ikkje sovnar frå lys. Bruk berre brannsikre lysestakar som tåler at lyset brenn ned utan at dette får konsekvensar. Levande lys må ikkje komme i nærleiken av ting som kan brenne, så vær difor spesielt merksam på avstand til gardiner og andre tekstilar om du opnar vindauge.

Pass også på når du lagar mat på komfyren - det er lett å gløyme og det kan føre til tørrkoking.

Sørg for at eldstaden i god stand. Ikkje sett oska frå eldstaden rett utanfor hytte- eller husveggen. Kjøl ned oska i ei brannsikker bøtte med lok, plassert på fast plate eller steinhelle og i god avstand frå hytte- eller husveggen.


Anten du er heime, i byen, på hytte, i båt, campingvogn eller andre stader - ha ei god og branntrygg påske!


Brannvesenet sine påsketips

  1. Sørg for at du har fungerande røykvarslarar både heime, på hytta, i båten og i campingvogna. Ta med nye røykvarslarbatteri heimanfrå. Det fins også reiserøykvarslarar på marknaden.
  2. Sørg for å ha sløkkjeutstyret lett tilgjengeleg. Sjekk at trykkmålaren på brannslokkingsapparatet peikar på grønt.
  3. Sjekk slangar og koplingar på propananlegget. Ein god metode er å bruke såpevatn for å søkje etter lekkasjar. Koble gjerne frå slangen til gassbehaldaren om natta.
  4. Tørk ikkje klede og liknande på omnen.
  5. Sørg for at eldstaden i god stand. Ikkje sett oska frå eldstaden rett utanfor hytte- eller husveggen. Kjøl ned oska i ei brannsikker bøtte med lok, plassert på fast plate eller steinhelle og i god avstand frå hytte- eller husveggen.
  6. Forlat aldri eit rom med levande lys og pass på at du ikkje sovnar frå stearinlyset.
  7. Bruk ikkje-brennbare lysestakar og sett lysa i god avstand til brennbart materiale.
  8. Sørg for at rømmingsvegane er lett framkommelege. Er du på ei hytte med mykje snø må du hugse å grave fram alternative rømmingsvegar.
  9. Hald alltid oppsyn med komfyren når den er i bruk.
Sist endra 18.03.2016
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering