Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Kommunal organisasjon > Nyhende/kunngjeringar

Tilskot til etablering i bustad og tilpassing av bustad

Samnanger kommune har fått avgrensa midlar til tilskot til etablering i bustad og tilpassing av bustad. Ta kontakt med kommunen for nærmare informasjon.  

Nærare informasjon:
Samnanger kommune har fått avgrensa midlar til bustadtilskot frå Husbanken som me skal tildela vidare til personar/hustandar i Samnanger. Det kan søkjast om tilskot til:

  1. Etablering i bustad.
  2. Tilpassing av bustad.   


Tilskot til etablering i bustad kan gjevast til kjøp/refinansiering av bustad for vanskelegstilte på bustadmarknaden. Du kan få tilskot til å tilpassa bustaden etter dine behov dersom du har nedsett  funksjonsevne.

Tilskota kan gjevast til personar/husstandar med varig lav inntekt.
Ordninga er sterkt økonomisk behovsprøvd. Det vert teke omsyn til inntekt og formue.

Søknadsskjema og nærare opplysningar får ein på www.husbanken.no eller hos NAV Samnanger ved Lisbeth Aadland – tlf. 55 55 33 33.

Søknader skal sendast til Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse.


 

  • Utskriftsvenleg versjon
Telefon :
81581000
Tittel :
Konsulent
Bunnhjørne
Tenesteskildringar (2)
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering