Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Kommunal organisasjon > Samhandlingsreforma

Samhandlingsreforma

Samhandlingsreforma vart vedteken av Stortinget i 2010. Reforma vert innført gradvis frå og med januar 2012.



Om samhandlingsreforma
Reforma legg vekt på førebygging, tidleg innsats, tverrfaglege tiltak og lavterskeltilbod.
Innsatsen skal rettast mot å førebyggja og avgrensa sjukdom.
Kommunen vil få fleire oppgåver for å ivareta utfordringane reforma inneber.



Målsetting
Hovudmålet med samhandlingsreforma er "det gode pasientforløp".

Innbyggjarane skal merka reforma ved at det mellom anna:

  • blir betre helsehjelp
  • blir betre koordinert oppfølging frå ulike helsetenester
  • blir betre oppfølging av personar med kroniske sjukdomar
  • blir fleire tilbod til dei som ønskjer hjelp til å leggje om levevaner som kan føre til sjukdom



Kommunal betalingsplikt for utskrivingsklare pasientar

Er det ikkje mogeleg for kommunen å ta imot pasientar som er ferdig behandla i sjukehus, men som treng vidare hjelp i kommunen, må kommunen betala 4000 kroner pr. døgn for forlenga opphald på sjukehus.



Kommunal medfinansiering

Kommunal medfinansiering er ei ny finansieringsordning som betyr at kommunane skal dekka ein del av kostnadene når innbyggjarane vert behandla i sjukehus.



Øyeblikkeleg hjelp-senger (ØH-senger)

Plikt til døgnopphald ved øyeblikkelig hjelp trer i kraft frå 01.01.2016. Kommunane skal ikkje overta akuttfunksjonar. Det nye tilbodet skal i hovudsak vera retta mot pasientgrupper angitt i nasjonal rettleiar. Det skal være eit betre eller like godt alternativ til innlegging i sjukehus, og skal bidra til rett behandling på rett nivå.
Statistisk vil det for Samnanger kommune bety 0,24 seng ( ca 1 seng pr 10 000 innbyggjar).

Samnanger kommune har saman med Fusa og Os kommunar arbeidd aktivt med gjennomføring av samhandlingsreforma. Spørsmål om etablering av tilbod om øyeblikkeleg hjelp (ØH) har vore grunnlag for fleire diskusjonar. Dei tre kommunane har trekt ulike konklusjonar om tilbod, organisering og framdrift.

Samnanger kommune vel å avventa etablering av ØH- senger. I planane våre legg me f.t. til grunn at etableringa først vil skje i slutten av perioden, dvs. nærare 2016. Me har hatt god hjelp av Franzen hjå fylkesmannen og Kim Sperstad (samhandlingskoordinator på Haraldsplass) i arbeidet med å vurdera ulike alternativ.

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 22.01.2013
  • Utskriftsvenleg versjon
Telefon :
56 58 98 58
E-post :
grete.lill.hjartnes@samnanger.kommune.no
Tittel :
Sektorleiar helse og omsorg
Bunnhjørne
Kjerneside (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Tone Ramsli      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering