Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar

Samhandlingsreforma - Nyhende


Utlysing av stilling med ansvar for folkehelse
Det vart i november 2012 lyst ut ei fast 100% stilling i eining for kultur. Stillinga skal ha hovudvekt på fritid, fysisk aktivitet og folkehelse. 

Det har meldt seg 10 søkjarar til stillinga. Tilsetjing i stillinga vil etter planen skje i januar 2013.  


Interkommunale team for KOLS og diabetes
I interkommunalt styringsgruppemøte den 12.12.12 vart det vedteke å starte opp med interkommunale team for KOLS og diabetes i Bjørnefjordregionen i 2013.
Kommunane Os, Fusa og Samnanger har haust og vinter 2011 og i 2012 fått prosjektmidlar frå Helsedirektoratet for å greie ut og etablere teama. Helse Bergen og brukarrepresentantar har teke del i prosjektarbeidet.

Interkommunalt KOLS -team startar i april - og diabetesteam hausten 2013.
Teama vil arbeide i alle tre kommunar.

Oppstart av teama er eit resultat av ein avtale som vart inngått mellom kommunane i september 2010. Føremålet var å etablere eit samarbeid på tvers av kommunane i Bjørnefjordregionen for å møte utfordringane i samhandlingsreforma.





Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 11.01.2013
  • Utskriftsvenleg versjon
Telefon :
56 58 98 58
E-post :
grete.lill.hjartnes@samnanger.kommune.no
Tittel :
Sektorleiar helse og omsorg
Bunnhjørne
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Tone Ramsli      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering