Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar

Eining for sjukeheim

  Samnangerheimen utvendig 2017 ver4.JPG - Klikk for stort bilete    
Innhald på sida:
Kontaktinformasjon Møblar
Einingsleiar si rolle Klede
Assisterande avd.sjukepleiar si rolle Transportbehov
Primærkontakt Aktivitetar
Næraste pårørande Besøkstenesta
Pårørandeutval Dagsenter
Kjøkken Tannhelse
Besøk Andre tilbod
Parkering for gjester Andre kontor for tenestetilbod
Pasientkonto Facebook
Verdisaker - Verdiliste - Forsikring  

 

 

Kontaktinformasjon

Postadresse:

Samnangerheimen,
Tyssevegen 97,
5650 TYSSE

Sentralbord:

56 58 98 50

Einingsleiar:

Janne Drevsjø
Tlf. 56 58 98 56

Assisterande avd.sjukepleiar:

Wenche Steinsland
Kjøkken: Inger Marie Steinsland
Marit O. Tveiterås
Institusjonskokk
 

Sekretær/ resepsjon:

Anne Mette Storlid Haug
Tlf. 56 58 98 50 / 56 58 98 52

Opningstider:
måndag - fredag kl. 10:00-14:00. 

Sekretær:

Reidun Vinje Nydal
Tlf. 56 58 98 53

Aktivitør: Anne Karin Røsseland
Tlf. 56 58 98 50
 

Fysioterapeut:

Åse Waage Tveit
Tlf. 91 64 14 97

Tilsynslege:

Jacob Norup (tysdag)
Kristian Jansen (torsdag)

 

 

 

 

 




 

Hovudinngang for besøkande og andre er på framsida av Samnangerheimen.
Bileta inne på Samnangerheimen er tatt av lokale fotografar.
Sansehagen har Samnanger hagelag ansvar for.


Einingsleiar (Janne Drevsjø) si rolle:
Personalansvar.
Overordna fagleg ansvar. Administrative oppgåver.

Assisterande avdelingssjukepleiar (Wenche Steinsland) si rolle:
Det faglege ansvaret i avdelingane. Ansvar for innkomstsamtale.
Har vekentleg visitt med tilsynslege.
Kontaktperson for pårørande om medisinske spørsmål.

Primærkontakt:
Kvar pasient vil få eigen primærkontakt. Denne kontakten vil dei kunne nytte til praktiske oppgåver/samarbeid som til dømes bestilling av frisør, fotpleie, kjøp av kle med meir.

Næraste pårørande:
Me må ha oppnevnt ein som er næraste pårørande. Det er pasienten som bestemmer kven dette skal vere og kva informasjon me kan dele.
Næraste pårørande er vår kontaktperson (som informerer vidare ved behov).

Pårørandeutval:
Ta kontakt med einingsleiar for nærare informasjon om gruppa.

Kjøkken ” det gode måltid”  (Sjå oppslag meny på avdelingane)
Samnagerheimen har eige produksjonskjøkken. Det vert laga varm mat kvar dag.
Tidspunkt for måltida er ca:
  • Frukost: kl. 09:00 – 10:00
  • Lunsj: kl. 12:00 – 13:00
  • Middag: kl.15:30 – 16:30
  • Kvelds: kl.19:30 – 20:30
  • Sein suppe
Besøk:
Besøkande til Samnangerheimen er velkomne heile dagen så framt bebuar ønskjer det.

Parkering for gjester:
Gjesteparkering er på motsatt side av vegen for Samnangerheimen. 

Pasientkonto: (Anne Mette Storlid Haug)
Ved langtidsplass er det ønskjeleg at du/de opprettar pasientkonto.
Pengane vert nytta til til dømes fotpleie, frisør, nokre hygieneprodukt, bingo med meir.
Dette vert rekneskapsført og du/de får tilsendt kontoutskrift ca 2 gongar pr år og ved behov. Private kjøp av tenester som fotterapeut og frisør må dei koste sjølv.

Ein bør oppbevare minst mogleg pengar på rommet. Dette er for å sikre både dine og våre interesser.

Verdisaker – Verdiliste - Forsikring
Erstatning frå kommunen si innbuforsikring kan verta utløyst ved til dømes innbrot eller brann.

Verdisaker, smykke og liknande som du ikkje brukar eller som har stor verdi, bør du oppbevare annan stad (i eige hus, pårørande, bankboks eller liknande). Du må ha eiga innbuforsikring/verdiforsikring dersom du ynskjer å få dekka personlege eigendelar. 
Samnanger kommune dekker ikkje tap av briller, høyreapparat (eiga forsikring) og tannprotese.

Når du kjem til Samnangerheimen må me i samarbeid skrive ei verdiliste over kva verdisaker du har med deg.

Møblar
Du/de må ha dialog med assisterande avdelingssjukepleiar eller einingsleiar om kva de kan ta med. Møblane skal merkast med namn.

Klede 
Pårørande tek ansvar for å merke kleda med namn. 

Kleda må tole maskinvask 40 grader. Klede som ikkje toler dette må pårørande ta med heim og vaske. Vert det øydelagt klede ved maskinvask (til dømes krymper eller det blir hol osv), erstattar ikkje eininga dette. 
Me oppfordrar til å ikkje kjøpe inn eller ta med svært kostbare plagg.

Transportbehov
Dersom bebuar er svaksynt eller bevegelseshemma, kan han/ho søkje om TT-kort for transport til sosiale turar. Då må ein levere passbilete til primærkontakt. Pårørande må fylle ut delar av søknadsskjema. Samnangerheimen sørgjer for at lege fyller ut sin del og at søknaden vert sendt vidare.
Pasienten må sjølv betale for transport til/frå Samnangerheimen. 

Aktivitetar
Sjå oppslag på Samnangerheimen.

Besøkstenesta
Er ei gruppe som frivillig besøkjer, arrangerer og hjelper til på Samnangerheimen.

Dagsenter
Anne Karin Røsseland er leiar for dagsenteret som held til i Storstova måndag, tysdag og torsdag.  Her blir det servert mat frå kjøkkenet frå Samnagerheimen. Dagsenteret har fleire aktivitetar og turar dei reiser på. Fysioterapeuten kjem og har trim. Brukarane av dagsenteret kan nytta andre tilbod som Samnangerheimen har, som til dømes foterapeut og frisør. Dette må dei koste sjølv.

Tannhelse
Du har rett på gratis tannhelseteneste innanfor Den offentlege tannhelsetenesta. Tannpleiar har oppfølging av pasientar på Samnangerheimen 2 gongar pr.år.
Vel du å bruke private behandlarar må du sjølv dekka reisekostnad og behandlar sjølv. 

Andre tilbod
På Samnangerheimen er det eige rom for :
  • Fotterapeut v/ Kari Steinsland Langeland.  
  • Fysioterapi/rehabiliteringsrom. Åse Waage Tveit er kommunal fysioterapeut som etter behov arbeider med behandling, rehabilitering, tilpassing av hjelpemidlar med meir.
  • Gjesterom for pårørande
  • Frisørsalong
  • Storstova til utleige ved bursdag og andre arrangement (må avtalast)
  • Kontor for tilsynslege. Jacob Norup og Kristian Jansen
 
Andre kontor for tenestetilbod
 
Facebook
Samnangerheimen har eiga side på Facebook. Sida er meint for å dele noko av dei aktivitetane/stundene me har. 



Ta kontakt om du/de har spørsmål!
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 

 
 
 
 
 
 
Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 14.02.2017
  • Utskriftsvenleg versjon
Tenestetilbod Samnanger (2)
Tenesteskildringar (1)
Diverse informasjon (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Tone Ramsli      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering