HeimKontakt osseDialog - sikker sending av digitale dokument inn til kommunen

eDialog - sikker sending av digitale dokument inn til kommunen

Me oppmodar både privatpersonar og verksemder til å nytta tenesta eDialog for å senda dokument digitalt til oss på ein trygg måte.

Korleis logga inn i eDialog

  • Trykk her for å logga inn i eDialog.
  • For å nytta tenesta, må du logga på ved hjelp av ID-porten (MinID, BankID)
  • Når du har logga på, fyller du ut skjemaet og lastar opp eventuelle dokument du vil senda inn.

Korleis fylla ut skjemaet

  • Velg om du er privatperson/innbyggjar (fødselsnummer) eller om du representerer ei verksemd (organisasjonsnummer)
  • Obligatoriske felt er merka med * (raud stjerne)
  • Tittel: Kva dokument du sender, og gjerne saksnummer om du har det
  • Kommentar: Gje evt. ei utfyllande skildring av sendinga di
  • Hugs å lasta opp relevante vedlegg som (inntil vidare) må vera i PDF-format
  • Klikk på "Send forsendelse" – sendinga vert kryptert og sendt direkte til kommunen sitt postmottak
  • Du får kvittering med referansenummer på e-post (frå svarut.ks)

Korleis kan du gjera om eit dokument til PDF-format?

For Word-dokument vel du "Lagre som" og deretter filtype PDF.
LibreOffice og OpenOffice har eigen knapp på verktøylinja som heter "Eksporter til PDF".

Du skal ikkje bruka eDialog dersom

  • kommunen har elektroniske skjema, til dømes "søknad om barnehageplass", "søknad på stilling", med meir.
  • førespurnaden gjeld enkle spørsmål som ikkje skal journalførast hjå oss, då kan du kan senda e-post til post@samnanger.kommune.no

Sist oppdatert: 22.01.2021
Publisert: 22.01.2021