HeimPersonvern og informasjonskapslar

Personvern og informasjonskapslar

Personvernerklæring for Samnanger kommune 

 

Personvernerklæringa i PDF-versjon 

 

Kva gjer informasjonskapslar?

Ein informasjonkapsel er ein kode som vert send frå vår servar til nettlesaren på din PC når du er inne på heimesida. Denne koden vert lagra i nettlesaren. Når du seinare går inn på heimesida, vil informasjonskapselen verta sendt frå nettlesaren din til servaren vår, som vil "kjenne att" din PC. Dette gjer det mogleg for servaren å tilpassa tenestene til deg som brukar. Har du til dømes stilt inn for høgkontrast attgjeving ein gong, vil servaren syta for at du slepp å gjera den innstillinga om att.

Informasjonskapslar blir brukt til personalisering, pålogging, språkstyring og for statistikk som brukast til forbetring av nettsidene.

Lov om elektronisk kommunikasjon (ekomlova) tredde i kraft 1. juli 2013. Lova regulerer vilkår for lagring av opplysningar i kommunikasjonsutstyr - den såkalla "cookie-paragrafen" (ekomlova §2-7b).

Dei fleste nettlesarar er innstilte slik at dei automatisk aksepterer informasjonskapslar. Dersom du ikkje ynskjer å ta dei i bruk, kan du endre innstillingane i nettlesaren slik at informasjonskapslane ikkje vert lagra automatisk. Du kan bestemma om alle skal blokkerast, eller om du skal ha høve til å velja om dei skal aksepterast eller ikkje. Ved å ikkje akseptera informasjonskapslar, unngår du at PC-en din vert "kjend att" på sida du vitjar. Men samstundes må du rekna med å gå glipp av ein del av dei funksjonane som sida elles tilbyr.


Sist oppdatert: 20.04.2021
Publisert: 16.10.2018